Birger Bastiansen- rallaren på Åmdals Verk Gruver

Birger Bastiansen (93 år) har vore ein glimrande omvisar på Åmdals Verk Gruver i mange år. Ikkje rart når han sjølv var gruvearbeidar i ungdomen og i vaksen alder ein av mange entusiastar for oppbygging av museet. Han og broren Karl har bygd mange flotte modellar som syner utvinninga av malm.

Langs attgrodde skinner

Alt som ikkje er bruk lenger, har ein tendens til å forsvinne. Slik er det også med skinnegangen på den gamle banen på Åmdals Verk. Banen som førte tunge vogner med koparmalm frå gruvene via sortering i skeidehuset og til vaskeriet. Å skeide betyr å sortere eller grovdele, og derfor har huset der denne sorteringa gjekk føre seg fått namnet skeidehus.

– Bråjordsstulen opna i 1874, og mest truleg blei banen også opna då. Banen blei brukt for å frakte stein frå skeidehuset til vaskeriet. Skeidehuset låg der museet er i dag, seier Birger Bastiansen, gruveentusiast og altmoglegmann.

Museet blei bygd opp att i tilnærma same stilen som skeidehuset. Også skinnegangen på banen blei lagt på nytt i nyare tid.

Birger Bastiansen går ein tur langs attgrodde skinner ved Åmdals Verk Gruver og mimrar attende til den tida han jobba som rallar i gruvene
Birger Bastiansen går ein tur langs attgrodde skinner ved Åmdals Verk Gruver og mimrar attende til den tida han jobba som rallar i gruvene

Fillesteinstippen

– Malmen som kom med hest ut frå gruva, blei grovsortert i skeidehuset. Det skjedde manuelt, og gråberget blei frakta ut på det me kalla fillesteinstippen. I tidlege tider blei malmen knusa i skeidehuset, og smeltemalmen plukka ut, forklarer Birger.
Vaskeriet låg om lag 700 meter frå skeidehuset og gruveopninga. Då malmen kom til vaskeiet blei han vaska i store tromlar og ved hjelp av vaskebrett.

– Malmen blei vaska og skylt. Etter kvart blei det eit system for mineralseparasjon, og det gjorde arbeidet noko enklare. Vaskeriet blei i si tid drive av eit stort vasshjul som var ni meter i diameter. Restane av fundamentet til vasshjulet er å sjå i dag. Vatnet kom frå elva og blei ført i kunstige kanalar, fortel Birger.
Han jobba litt i det nyaste vaskeriet under krigen, der han plukka stein frå transportbandet som etter kvart fann vegen til vaskeriet.

– Før mi tid brann vaskeriet ned to gonger. I 1892 brann det fyrste maskinelle vaskeriet, og den 6. november i 1906 blei bygningen flammenes rov igjen. Årsakene til brannane kjenner me ikkje til, men det var trebygningar med vedfyring som varmekjelde, så det er vel ikkje utenkjeleg at det var ein samanheng der, seier han.

Birger Bastiansen har teikna skeidehuset slik det såg ut kring 1940
Birger Bastiansen har teikna skeidehuset slik det såg ut kring 1940
På denne teikninga har Birger Bastiansen gjengjeve korleis vaskeriet såg ut. Vognene med koparmalm er på veg inn.
På denne teikninga har Birger Bastiansen gjengjeve korleis vaskeriet såg ut. Vognene med koparmalm er på veg inn.

Slutta å smelte

Fram til 1850- talet blei malmen smelta på Åmdals Verk. Etter kvart blei det slutt på smeltinga, og smeltehytta, som låg på gamlebyen på Åmdals Verk, var ikkje meir i bruk.

– Me kjenner vel ikkje heilt til historia rundt smeltinga, men me veit i alle fall at malmen blei transportert til Sverige og land i Europa, der dei sjølv stod for smeltinga. Mellom anna kjenner me til at i 1904 blei ein produksjon på 168 tonn kopar med ein gehalt på 25 prosent, seld til Skottland for ein pris om lag rundt 40 000 kroner, fortel Birger.

– Kva kunne årsaka vere til at dei slutta å smelte malmen på Åmdals Verk?

– Malmen frå gruvene på Åmdals Verk var ikkje så enkel å smelte fordi han inneheld lite svovelkis, og det gjer prosessen tyngre. Kopargehalten her var 20-25 prosent, medan han på Røros var på 3-5 prosent nettopp på grunn av større innhald av koparkis. Men den høge kopargehalten gjorde malmen frå Verket ettertrakta, forklarer Birger.

Åmdals Verk gruver

Ettertrakta malm

– Kva blei koparen brukt til?
– Kopar var viktig til fleire produkt. Våpenproduksjon var eitt av dei. Blandar ein kopar og sink blir det messing, og blandar ein kopar og tinn blir det bronse. I åra etter 1880 blei det også brukt rein kopar i elektriske leidningar, svarar han.
Kopar kunne altså brukast til mangt, og var viktig som bestanddel i legeringar. Men gull kunne ein ikkje lage av kopar.

– På 1750-talet var det ein alkymist innom gruvene. Han påstod at han kunne gjere kopar om til gull. Sjølvsagt lykkast han ikkje, og han måtte flykte fordi han hadde lura til seg pengar for forsøket, smiler Birger.
Alkymi er ei nemning på ein vitskap, som var forløparen til moderne kjemi. Det blei sagt at ein som utførte ein slik vitskap, ein alkymist, blanda ulike stoff som han mellom anna varma opp for å prøve å lage verdifulle ting som til dømes gull.

last ned (1)

Hestekrefter

– No har me vel spora litt av. Kva betydde banen for gruvedrifta?

– I byrjinga blei vognene, eller vaggane som det vel eigentleg blei kalla, skuva med handmakt. Etter kvart fekk hesten sin plass som trekkdyr. Ein hest kunne dra eit heilt vognsett med opp til sju vogner fullasta med malm. Vognene blei altså fyrst dregne ut i skeidehuset for sortering og så vidare ned til vaskeriet. Under krigen då eg flaug dagleg i gruvene, var det to fjordingar som blei brukt. Det var Borken og Blakken, hugsar han.

Før banen kom blei malmen frakta med hest og kjerre til vaskeriet, som i tidlege tider var ope og såleis berre i bruk om sommaren.

"Bråjordet" Åmdals Verk, omkring 1944. Teikna av Birger Bastiansen
"Bråjordet" Åmdals Verk, omkring 1944. Teikna av Birger Bastiansen

Saboterte for tyskarane

– Det blei sagt at det i dei siste åra gruvene var i drift, 1940-45, blei kasta store koparklumpar av vognene på veg frå skeidehuset til vaskeriet. Kjenner du den historia?

– Det kan du vel seie eg gjer. Eg var nemleg med på det sjølv. Det var vel vår måte å sabotere for tyskarane, som dreiv gruvene under krigen. Me sat på vognlasset og kasta dei aller største og finaste koparsteinane nedover dei bratte skråningane langs skinnegangen. Slik sett var eg med og vann krigen, ler Birger.– Og eg har ikkje eit snev av dårleg samvit, legg han til.

– Andre episodar du kjem på?

– Eg kjem i hug at me var nokre gutungar som låg på lur langs banen for å vente på hesten og kusken med malmvaggane. Me hadde stole litt karbid og hadde det på flasker som me fylte litt vatn på, rista dei og kasta dei like framfor hesten. Då small det fælt og me hadde det himla moro. I ettertid ser eg vel at det helst var hesten me skremde og ikkje kusken. Me blei i alle fall ikkje tekne, for me sprang som heluvar så fort det smalt, hugsar han.

4222473072

Birger er sikker på at det ligg fleire flotte koparsteinar nede i liene langs banen, men han veit også at nokre av dei blei henta etter krigen.

– Dei som låg greitt til blei henta, men det ligg heilt sikkert mange der enno. Det er nok ikkje like enkelt å få auga på dei no, sidan det har grodd veldig til. Elles kan ein i alle fall seie at banen med skinner gjorde arbeidet meir effektivt. Museet kjøpte i si tid inn eit like lokomotiv til bruk på skinnegangen, men det har ikkje vore i drift på fleire år. Det blei brukt til å køyre besøkande på museet ned langs banen slik at dei mellom anna fekk sett gruveparken. Me skulle fått i gang loket att, seier Birger tankefullt.

Av Stein Olav Lie, vtb.no

Historie