Napoleon sin hæl

Ein augustdag for 125 år sidan, nærare bestemt i 1878, oppheldt det seg to prominente gjester på Hotel Lastein på Dalen. Det var den svenske kronprins Gustav og den franske keisarprinsen Napoleon IV.

Dei var ute på ein rundtur i Telemark, og hadde m.a. besøkt brugseigar Niels Aall på Ulefos Hovedgård og dei hadde sett på Heddal stavkyrkje. Dei var opptekne av å få med seg mest mogeleg av det som var å sjå langs reiseruta si, og denne dagen hadde dei lagt ut på ein ridetur opp dei bratte Eidsborgberga – for så å ta vegen over åsen til turistattraksjonen Ravnejuv.

Les også historien bak Norges viktigste empirebygget - Ulefos Hovedgård.

Lastein Hotel Foto: Digital Museum
Lastein Hotel Foto: Digital Museum

100 år seinare dokumenterast turen

Det interessante er at hendingane og sogene frå denne turen har blitt teke vare på i minna hjå bygdefolk, dei har blitt fortalt vidare til nye slektsledd, og faktisk fyrst skrive ned over 100 år seinare.

Ein av dei som kunne fortelje noko om dette kongelege besøket, var Tarjei Auversæker frå Smørklepp. Han hadde høyrt far sin, Eivind Auversæker, fortelje. Han var 14 år den gongen, og hendinga hadde brent seg fast i minne på ungguten. Familien bruka på garden Berge her i Eidsborg, og bygdefolket møtte mannjamt opp for å sjå sjølvaste kronprinsen av “Di tvende kongeriger Norge og Sverige”. Men mest interessant var det nok å sjå den franske prinsen som var ein slektning av sjølvaste Napoleon 1., han som hadde seier frå Moskva til Kartagena, men døydde einsam på St. Helena.

Napoléon Eugène Louis Jean Joseph i 1878
Napoléon Eugène Louis Jean Joseph i 1878

Sjokolade for fyrste gong

Keisarprinsen vart skildra som ein liten, spinkel kar – ein typisk Bonaparte – med bleikt, skarpskore andlet, mørkt hår, litt krum nase og skarpe, mørke augo. Ellers såg han visst nok ut til å vera ein humoristisk og barnegod kar. Han hadde med seg mykje sjokolade som han braut i stykkje og kasta til eidsborgungane. Og så nikka han og lo godt når dei greidde å taka sjokoladen i lufta. Far til Tarjei fortalte at det var fyrste gongen han og dei andre ungane i Eidsborg smaka sjokolade. (Kandisklumpar var godsaker på den tida)

Prominente gjester kom for å besøke Ravnejuv og det fantastiske naturfenomenet

BildeTilhøyrandeDalenHotel

I 1878 blei det sett opp ein paviljong ved Ravnejuv. Den var i bruk eit godt stykke utpå 1900-talet.

Foto: Axel Lindal/Norsk Folkemuseum
Foto: Axel Lindal/Norsk Folkemuseum

Ridetur til Ravnejuv

Prinsane var altså på ridetur til Ravnejuv. Også på denne tida var Ravnejuv ein kjend turistattraksjon, og eg har spurt meg sjølv om dette var ein av landets fyrste underhaldningspark? Det var, som de sikkert veit, eit tidsfordriv å kaste lette ting utfor stupet, slik at dei kraftige luftstraumane frå elva nede i juvet kunne føre gjenstandane tilbake, eller bare halde dei i lufta i lengre tid. “Å kaste lette ting utfor stupet bare for å sjå kva luftstraumane ville gjera med dei, er eit tidsfordriv som får barnlege gjester i alle aldrar til å fryde seg,” hevda engelskmannen E.T. Goodman i 1891.

Les også den herlige historien om Rui-søstrene fra Dalen

Ravnejuv er framleis ein attraksjon som bokstaveleg talt kan ta pusten frå dei som opplever den. 350 meter høgt stup med oppdrift! Foto: Kristi Skålid
Ravnejuv er framleis ein attraksjon som bokstaveleg talt kan ta pusten frå dei som opplever den. 350 meter høgt stup med oppdrift! Foto: Kristi Skålid

Paviljong for kongelig besøk

Folk i Omdalsgardane, på andre sida av Eidsborgåsen hadde og fått melding om den kongelege gjestinga, og lagt seg grundig i selen for å få til ein paviljong rett ved stupet.

Frå Hermod Skaret i Åmot har eg fått vita at bestefar hans, Halvor Skaret, var med på å setje opp denne paviljongen. Han var bare ungguten då, men vart seinare ein dyktig tømrar. Det blei også sett opp eit par flaggstenger, og den eine flaggstonga vaia ut over stupet. Karane vart ferdige like før dei kongelege skulle koma, og for å vera sikre på at alt var i orden, så ville dei prøveheise flagget. I det dei byrja heisinga, hoppa snora av trinsa i toppen av stonga, og flagget sto fast på halv stong! På den stonga som peika ut over juvet, sjølvsagt! Dei sto der rådville, men det vara ikkje lenge. Halvor klatra opp i flaggsonga med bare nevane, og der løyste han opp knuten medan stonga svaga utover avgrunnen. Til glede for alle redda husmannsguten frå Skaret framføringa på Ravnejuv denne dagen. Noko skandale kan det umogeleg ha blitt, for det ville sikkert ha blitt hugsa!

I dag finns det ein infopaviljong på Ravnejuv der du kan lesa historia i korte trekk. Foto: Kristi Skålid
I dag finns det ein infopaviljong på Ravnejuv der du kan lesa historia i korte trekk. Foto: Kristi Skålid

Mista hælen

Det kongelege fylgjet vendte etter kvart attende til Dalen og Hotel Lastein. Augusta og Olav Olsen var vertskap her denne gongen. Etter ein slik strevsam tur ville prinsen gjerne ha seg eit bad ute. Korleis det nå hadde seg: ein eller annan gong før eller etter badet, miste keisarprinsen hælen av skoen sin, og han kunne ikkje finne han att.

Augusta baud seg til å hjelpe prinsen med å finne ein skomakar som kunne setje ny hæl på skoen for han. Fyrst etter at prinsen hadde reist, fann Augusta hælen og tok vare på han. I mange år hekk han som ein attraksjon på veggen i hotellet.

Napololeonshæl Foto: Vest-Telemark Museum Eidsborg
Napololeonshæl Foto: Vest-Telemark Museum Eidsborg

Etter kvart kom det nye drivarar på hotellet. I 1930-åra dreiv to systrar som mykje gjekk under namnet Draugedalsjentene. Dei gav hælen til Torleiv Dalen, som var barnebarnet til Augusta og Olav. Hjå Torleiv og kona Astrid hadde hælen plass på ei hylle når ikkje døtrene Tove og Bjørg bruka han som leike.

Nokre år har han lege i bankboks, men er no oppbevara på Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er oldebarna til vertskapet på Lastein Hotel, Tove Kvaale og Bjørg Haukenes og mor deira Astrid, som har gjeve hælen til Vest-Telemark Museum.

Napoleons hæl er i dag utstilt på Vest- Telemark Museum, Eidsborg
Napoleons hæl er i dag utstilt på Vest- Telemark Museum, Eidsborg

Napoleons hæl på Vest-Telemark Museum

Ein liten hæl, ei heil lita soge om ein minnerik dag. Hadde det ikkje vore for denne vesle hælen, ville kanskje heile denne dagen gjenge i gløymeboka saman med så mange andre!

I staden kan hælen nå fortelje nye slekter så mang ei soge. Han kan vera inngangsport til tidlegare historiske hendingar som t.d. Napoleonskrigane, fransk historie, turismens barndom, unionstida i Noreg eller sjokoladas inntogmarsj i Telemark, for den del. Ein liten hæl, med mange mogelegheitar!! Hælen ser du på Vest-Telemark Museum i Eidsborg.

Av Sigrunn Lie Brattekås, Eidsborg

Historie