Skilegenden Sondre Norheim fra Telemark

Sondre Norheim frå Morgedal i Telemark var ein einer innan langrenn, alpint og hopp på 1800-tallet. Han var ein av de store pionerane innan moderne skisport og var delaktig i utviklinga av nytt utstyr, særleg skibindingar og telemarksski.

Sondre Norheim vart fødd på husmannsplassen Øverbø i Morgedal 10. juni 1825. Auver, far til Sondre, måtte slite hardt for å berge seg og familien. Han var ein dyktig handverkar, særlig var han kjend for å binde vevskeier (trådfordelar til veven), og lage hattar. Veving var utbreidt på den tida og Auver hadde mykje arbeid med å skaffe vevskeier til kvinnene rundt om på gardane i og utanfor bygda.

Sondre Norheim (1825-1897)
ukjent dato. ca 1880
Foto: SCANPIX
Sondre Norheim (1825-1897) ukjent dato. ca 1880 Foto: SCANPIX

Faktaboks

Skisenter i Telemark:

Få med deg også Topp 10 vinteraktiviteter i Telemark

Barndomen

Like etter at Sondre vart fødd flytta Auver og Ingerid til plassen Kvæven, eit lite stykke nord-aust for Øverbø. Men berre to år gammal blei Sondre og den to år eldre broren Eivind morlaus. Dei to gutane vart buande på Øverbø hjå besteforeldra i oppveksten, og då faren seinare gifta seg opp att flytta dei attende til Kvæven.

Sondre og Eivind var ikkje gamle gutane før Auver laga ski til dei. Han lærde også gutane sine kunsten å lage vevskeier. I dette arbeidet var det viktig å vere tolmodig. Avstanden mellom tindane måtte vere heilt lik elles ville tøyet bli ujamt. Sondre vart ein god skeibindar og seinare drog han frå gard til gard med handverket sitt og fekk namnet «Skeie-Sondre». Etterkvart vart han også flink i å handtere kniven, m.a. fekk han mykje ros for nokre fine trehyller som han laga.

Sjølv om Sondre etterkvart blei ein anerkjend handverkar var han rastlaus og utolmodig av legning og utførte ikkje alltid arbeidet med like stor entusiasme. Handverk og skulearbeid likte han lite. Den einaste skulegangen Sondre fekk var nokre veker omgangsskule om vinteren. Likevel lærte han både lese og skrive.

Sitat om Sondre

Anne, stemor til Sondre og Eivind, sa alltid:
«Eg vil ha ti Eivindar istadenfor ein Sondre»

Sondre, når han var lei tømmerhogsten:
«Bakkane kallar, og eg lyt svara»

Skigutar fraa Morgedal
Skigutar fraa Morgedal

Familieliv

I 1854 gifta Sondre seg med Rannei Åmundsdotter. Begge to var 29 år gamle, og saman skulle dei streve for å bygge seg ein heim og halde liv i familien. No var det slutt med det frie livet til Sondre som lausarbeidar og dansemeister, men med løypinga blei det som før. Ansvarskjensla hans var vel ikkje den sterkaste. Mykje av arbeidet gjorde han halvferdig og bygdefolk og andre tykte nok han var ein dårleg husmann og familieforsørgar som kun var oppteken av ski og moro. I dagens terminologi ville han sannsynlegvis blitt kalla ein kunstnar og bohem. Det blei nok mange tunge stunder for en barneflokk på seks.

Les også Telemarkskiens spenstige reise fra 1850 til i dag 

Takhopping
Takhopping

 

Sterk skikultur i Morgedal

I 1850/-60 og – 70-åra utvikla det seg ein sterk «skikultur» i Morgedal. Miljøet rundt Sondre var prega av mykje moro og stor dugleik på ski, og lokal kappleik bidrog til eit særdeles høgt nivå på den tida. Blant dei unge i bygda var Sondre ein god og svært populær læremeister. Alle kjende til Sondre sine skilåmer og alle var opptekne av å gjere dei same «låmene» etter han. Sondre sette stor pris på skileiken saman med ungdommen. Han lagde ski til både jentene og gutane og gav dei instruksjon. Ingen av Sondre sine ungar syntes å vere særleg interessert og han pressa dei heller ikkje. Dei var nok meir opptekne av å skaffe familien mat og pengar.

Sondre og fleire andre eksperimenterte i lengre tid med forskjellig skiutstyr. Til fottøy blei hudskoa mest brukt. Dei vart laga av hasene på kua fordi skinnet var sterkt og røyta lite. Hudskoa fylte dei med halm slik at vidjebindingen ikkje gnagde seg inn i foten. Halmen heldt i tillegg føtene forholdsvis varme. Til binding var ilkebindingen mest brukt. Denne besto av to vidjeløkker som tåband og ei løkke under foten – ilken (tåballen). Men ilkebindingen gav dårleg støtte og i arbeidet med å frakte ved eller høy med slede skjedde det ofte at bindingen svikta. Sondre eksperimenterte mykje med å utvikle ein sterkare binding og gjere skia betre til å svinge med. Han kom til slutt fram til ein binding laga av vidje der han kombinerte tåbandet med eit hælband. Med hælbinding og kortare terrengski som bar godt i laussnø blei det meir variasjon i skiløypinga. No vart det lettare å køyre med parallelle spor, svinge, hoppe og gjere fine nedslag.

Skirenn

Trass i pliktene som familieforsørgar og husmann heldt Sondre fram med skileiken og glansperioden hadde han i 1860-åra. Då gjorde han dei beste låmene, men det var først i 1868 at han deltok i renn i Christiania. I 1866 blei det første skirennet med premiering skipa til. «Løypemøtet på Ofte» i Høydalsmo var kun for bygdefolket, men Sondre Norheim var likevel beden om å bli med, for å kaste glans over rennet. Ikkje uventa vann Sondre og første premien var ei stor stoveklokke, som var verd minst 5 spesidaler.

Doktoren i Lårdal, Andreas Bakke, arrangerte rennet, og etter premieutdelingen samla han inn pengar til ein ekstrapremie til den som ville sette ut frå Oftenuten. Det var fleire som ville prøve seg, men dei var nok meir uvørne enn dyktige, og ein etter ein datt dei i dei stygge og vanskelege kneikane. Ekstrapremien gjekk til Sondre.

Sondre Norheims ski -originaler
Sondre Norheims ski -originaler

Den moderne skisport vart født

I 1861 blei «Centralforeningen for Udbredelse af Vaabenbrug og legemsøvelser» stifta. Den landsomfattande organisasjonen oppfordra til å danne skyttarlag som også skulle drive med skiløyping. I 1867 sender Centralforeningen ut melding om at det skulle haldast premieskirenn i Christiania. Dei hadde høyrt om den dyktige skiløyparen frå Morgedal og ein kald desemberdag får Sondre brev med invitasjon om å delta i premierennet.

Sondre, som no var 43 år og «fattig som ei kjørkjerotte» (Loupedalen), ville ikkje for nokon pris unnvere skirennet. Skiene gav han fri skyss og saman med to andre morgedølar la han ut på den lange vegen. Rannei hadde sendt med Sondre ei skreppe full av niste. 3 dagar brukte dei på skituren, som gjekk via Seljord, opp Grunningsdalen og ned til Sauland. Frå Heddal gjekk vegen over Meheia til Sandsvær, og vidare om Drammen til Christiania.

Les også Learning to Walk the Norwegian Way 

Er du i Morgedal, da bør du besøke Sondre Norheims stue på Øverbø. Nøkkelen kan du hente på Norsk Skieventyr
Er du i Morgedal, da bør du besøke Sondre Norheims stue på Øverbø. Nøkkelen kan du hente på Norsk Skieventyr

Over femti deltok i rennet og særleg var det morgedølane og trysilingane som stakk seg ut. Dagen etter rennet stod det referat i Aftenbladet.

«Af samtlige udmærkede Vinderen af 1. Præmien sig og stod langt over enhver anden... Når man har seet Sondre Ouversen Norheim og man erindrer at Manden nu er 43 år gammel, kan man først gjøre sig en riktig Forestilling om, hvad en Skiløber af første Rang i sin sprækeste Ungdom vilde kunde præstere.» Bedømmelseskomiteen gav karakteren «Udmærket» med tillegg «Virtuositet i Hop uden Stav.»

Dette skirennet vart eit stort gjennombrot for Sondre. Det var her han synte telemarksvingen og parallellsvingen for første gong utanfor bygda. Skifolk og konkurrentar fekk for første gong sjå dei nye korte skiene med innsving og hælbinding. Dei første moderne ski og bindingar var eit faktum! Det gjekk ikkje lang tid før alle hadde dette utstyret. Nytt var også den korte staven i stadenfor dei lange tjukke stavane som berre var i vegen.

Minnestein Denbigh kyrkje
Minnestein Denbigh kyrkje

I 1870 fekk Sondre med seg ein kar frå Seljord til Christiania for å bli med på skirenn. No var Sondre den store skikongen. I hovudstaden fekk dei fritt opphald. Der lærde dei og bort sine kunster til skiglade byfolk og fekk dei til å arrangere skirenn.

Sondre var 50 år då han for siste gong deltok i skirenn i hovudstaden. I referatet frå rennet stod det: «…må være blevet noget stivere i Benene, end han før havde vist sig at være thi uagtet meget pent klarede Hoppet anvendte han så lang Tid på Rendet, at han ikke stod til Præmie. Imidlertid blev for ham oppstilled som 16, Præmie en liden Gjænstand af Sølv med tillæg af et 10- Kronestykke i Guld.»

Til USA

I 1884 braut Norheimfamilien opp frå Morgedal og reiste til Amerika. Sondre og Rannei var då 59 år gamle og som så mange andre nordmenn satsa dei alt på «Det Nye Landet». Sondre var skeptisk og nølte lenge med å legge eigne Amerikaplanar, sjølv om Rannei og ungane pressa på.

Familien slo seg først ned i Minnesota, men drog så vestover til Nord Dakota der dei tok seg land og «homestead-» ved Villard i McHenry County. Endeleg skulle dei få kjenne kva det vil seie å vere frie bønder og ikkje vere underlagt andre herrar.

Norsk Skieventyr, Morgedal
Norsk Skieventyr, Morgedal

Sondre var ingen god farmar eller flatlandsbonde. Han gjekk mest og tenkte på bakkane heime i Morgedal. Sondre hadde teke med seg nok verktøy til å lage ski med, og han håpa på skiføre den første vinteren. Litt snø var det, men den fauk som ein sandstorm og graset stakk opp overalt. Dei siste åra av livet, på den flate, vindblåste prærien, var vonde for Sondre Norheim. Han døydde som ein ulukkeleg mann i desember 1897. Vel eit år etter Sondre døydde, selte Rannei farmen og flytta til ei av døtrane. Rannei vart 89 år gammal, ho døydde i Oregon i 1913.

Den beste staden for å oppleve Morgedal sin historie er på skimuseet, Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimedia-reise som startar 4 000 år tilbake, og endar med dagens snowboardere og twintip-utøvarar.

Historie