Åse Stålekleiv – «Dronninga i Eidsborg»

Tre unge menn drepne i strid om eigedom. Slik kunne overskrifta om hendinga ha vore om ho hadde skjedd i dag. Men den dramatiske soga er ei segn frå gamal tid – og ho lever og blir framleis fortald i Tokke.

Åse Stålekleiv var «Dronninga i Eidsborg». Ho var rik, så rik at ho eigde heile bygda. Systera Gullborg budde i Skafså – på den andre sida av Dalen. Dei to systrene kunne sjå over til kvarandre, og dei var strie damer som begge ville eige den frodige sletta der Dalen ligg.

Skjermbilde2

Krangelen om eigedomen skulle gjerast opp ved at sønene til Åse og Gullborg skulle i kamp mot kvarandre. Familien som gjekk sigrande ut av kampen, skulle få dalen. Åse sit til hest og fylgjer den brutale kampen frå Riarhamaren. Ho ser at den eine sonen etter den andre blir drepen av fetterane sine. Til slutt ligg tre ihelslåtte søner att på sletta. Soga endar med at «Dronninga av Eidsborg» gøymer sylvet sitt og nyklane sine og set utfor Riarhamaren – til den sikre død.

I Eidsborg har Åse Stålekleiv sett spor etter seg. I våre dagar kan vi vitje loftet hennar på Vest-Telemark museum, vi kan sjå nokre steinar mellom Eidsborg og Høydalsmo og leite etter ein gravhaug på Dalen. Kan hende vi til og med finn ein skatt? På 1820-talet skreiv Magnus B. Landstad - presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren - ned soga om Åse, og sjølv om segna liknar eit eventyr med både tre søner og tre stutar, så skal no ei segn vere sann.

Les også historien om Bryner – en verdensartikkel fra Eidsborg 

Lofte til Åse Stolekleiv slik det var på 1800-tallet
Lofte til Åse Stolekleiv slik det var på 1800-tallet

Åse og rikdommen hennar

Ved enden av Bandak ligg Dalen på ei øyr, ein sandbanke, ved oset av elva Tokke. Slik er det no, og slik var det då dei to systrene Åse og Gullborg budde oppe i fjella på kvar si side av denne dalen. Åse Stålekleiv heldt altså til i Eidsborg, og Gullborg budde på Kleivi i Skafså.

I Eidsborg låg garden Stålekleiv med flott utsikt over til Skafså og ned i dalen. Det blei sagt at Åse eigde heile Eidsborg og såleis var veldig rik. Der andre trong ein liten pytt til å bløyte linet sitt, hadde ho så stor avling at ho måtte bruke heile Eidsborgtjønna til å bløyte linet ho dyrka. Alt dette linet lagra ho i eit stort loft. Loftet hadde dei tre sønene hennar tømra til mor si då dei var gutungar og gjette kyrne hennar. Kvar kveld bar dei med seg ein stokk og tømra så opp loftet. På staden der loftet sto, vaks det fram ein gard, som fekk namnet Lofthus.

Utskjeringar av Åse's søner
Utskjeringar av Åse's søner
Stålekleivloftet er Noregs eldste bygg og du kan finne det på Vest-Telemark Museum Eidsborg 
Foto: Harald Naper
Stålekleivloftet er Noregs eldste bygg og du kan finne det på Vest-Telemark Museum Eidsborg Foto: Harald Naper

Stålekleivloftet blir og kalla Vindlausloftet. Det er truleg det eldste huset på garden Lofthus i Eidsborg. Loftet, som er frå rundt 1170, er det eldste verdslege (ikkje kykjelege) trehuset i Noreg. Rundt år 1820 blei loftet flytta til Vindlaus, der Vest-Telemark Museum Eidsborg no ligg.

Lenge trudde ein at Vindlausloftet var frå 1200 eller 1300-talet, men nærare undersøkingar viser at det er eldre. Det er rissa inn runer ved sida av døra i andre etasje. Dei er frå ca. år 1300. Slik lyder innskrifta: «Desse runer riste Vestein. Heil både den som riste og likeins den som rår (les) runene». På døra til loftet er det måla tjørekrossar. Dei skulle verne mot oskoreia i jula. Trua på oskoreia er ein del av den norske folketrua saman med trua på nissar, troll, huldra og draugen.

Deler av bygdetunet på Vest-Telemark Museum Eidsborg Foto: Harald Naper

Deler av bygdetunet på Vest-Telemark Museum Eidsborg Foto: Harald Naper

Sønene skulle bli sterke

På Åses tid sa ein at djervskap var den største dygd, og at ein sterk kropp var den kostelegaste eigedom. Åse var einig i det. Ho ville at sønene skulle ha både djervskap og styrke. Dei skulle bli store og forsvare retten hennar og tukte uvener ho hadde. Og ho visste at om det skulle «kome marg» i beina deira, måtte dei ha god kost. Ho fekk ulike råd om kva den beste føden var: Saup - (væske frå ystinga), mjølk eller «gron», som er korn eller mjøl. Åse gjekk grundig til verks. Ho testa ut kosten på tre stutekalver. Den fyrste fekk saup, og Åse kalla han for Saupstuten.

Den andre fekk mjølk, frisk og fin frå kjyra. Han drakk det eine spannet etter det andre og blei så stor at det var stygt å sjå. Åse kalla han for Nymjokkstuten. Den tredje stutekalven fekk «gron», det beste som vaks på garden både av rug og bygg, mjøl og malt. Landstad skriv at kalven åt og togg seint og tidleg så det skumma av munnen hans. Til slutt blei Gronstuten så stor at han nerast sprengde seg ut av fjoset.

Bilete frå brynesteinsbrotet. Foto: Janne Sogn
Bilete frå brynesteinsbrotet. Foto: Janne Sogn

Stutane prøver krefter

Nå skulle dei tre stutane prøve kreftene sine og vise kva kost som var den beste. Åse fekk henta tre store, lange steinstøtter ned frå brynesteinsberget. Ein stut blei spent for kvar stein. I djup sno skulle stutane trekkje steinen frå bygda og oppover Stavliheia. Saupstuten måtte gje seg fyrst. Steinen blei kasta av og reist på staden der han stansa. Nymjokkstuten greidde seg litt lenger. Der han stansa, blei det reist nok ein stein. Gronstuten trakk steinen sin lengst. Der han stansa, blei den siste steinen reist. Åse Stålekleiv hadde funne dietten til sønene sine. Ho gav dei «gron» så dei skulle vekse seg store og sterke.

Kart over turveg frå Dalen til Riarhamaren
Kart over turveg frå Dalen til Riarhamaren

Landstad skriv at på Stavliheia mellom Eidsborg og Smørkleppgrend i Høydalsmo står det tre lange steinar reist opp langs vegen «noen hundre (alen)» frå kvarandre. Den eine steinen kan framleis sjåast. Desse steinane kjem frå Eidsborg, der det har vore brote ut brynestein sidan 700-talet.

Striden om Dalen

Dei to mektige og rike systrene Gullborg og Åse krangla om kven som skulle eige den frodige dalen som låg mellom eigedomane deira. Gullborg sine søner var store og sterke likesom sønene til Åse. Så kom dagen då krangelen om dalen skulle avgjerast med sverd. Åsesønene skulle slåst med Gullborgsønene, og familien som vann, skulle ha dalen. Midt på sletta skulle det kjempast. Åse hadde orkesterplass til den blodige kampen. Høgt til hest sat ho oppe på Riarhamaren, ein bratt nut som heng utover dalen. Åse trudde vel at ho hadde gjeve sønene sine så god kost at dette skulle dei klare, men Gullborgsønene var digre, «mest som dei var av jutulætt», skriv Landstad.

På Dalen ligg ein gravhaug som er kalla Revahaug. Soga vil ha det til at ein av sønene til Åse er gravlagd her. Ved Revahaug står det ei tavle med informasjon om gravhaugen. (Ein må gå hit. Vend deg til turistkontoret)
På Dalen ligg ein gravhaug som er kalla Revahaug. Soga vil ha det til at ein av sønene til Åse er gravlagd her. Ved Revahaug står det ei tavle med informasjon om gravhaugen. (Ein må gå hit. Vend deg til turistkontoret)

Sjølvmordet

Då Åse såg at sønene blei drepne, den eine etter den andre, blei ho rasande. Ho ville ikkje overleve ei slik skam, heller ville ho døy, så ho rei i fullt firsprang rett ned i avgrunnen. Denne nuten har fått namnet Riarhamaren etter dette og er blitt eit minne etter Åse.

Kanskje var det slik at Åse ikkje rei utfor Riarhamaren rett etter at ho såg sønene sine liggje ihelslegne, men drog fyrst heim og ordna opp etter seg på garden. Segna fortel at ho ho senka skatten sin i Mærdalstjønni som ligg langs Lårdalsstigen.

Ta ein tur til Eidsborg og Vest-Telemark Museum. Der er du midt i «dronning-riket» til Åse Stålekleiv. Loftet hennar står der den dag i dag, og på husmannsplassen er soga om Åse skore ut på ein stolpeportal.

Kultur og tradisjon