«Dei fire store» - bilethoggarar frå Vest-Telemark

Grimdalen i Skafså, fødestaden til Anne Grimdalen, er i dag den best bevarte fjellgarden i Telemark. Her finn du også mange skulpturar laga av Anne. Foto: Luke Tennant

Dei høyrde til om lag same generasjon, dei kom frå øvre Telemark, dei reiste i Danmark og Frankrike. Saman står dei for mesteparten av skulpturkunsten rundt om i landet – alt frå små byster til monumentale statuar. Møt «Dei fire store» - bilethoggarar frå Vest-Telemark!

Det var forlagsreklame, ja visst. Gyldendal forlag fann på å marknadsføre sine største forfattarar (Kielland, Lie, Bjørnson og Ibsen) som «Dei fire store» i 1913. Men det var ikkje tatt heilt ut av lause lufta. Dei fire høyrde til omtrent same generasjon, og dei hadde prega utviklinga av såkalla «realistisk litteratur» mellom ca. 1860 og hundreårskiftet. Dei skreiv om kvardagslivet til nokså vanlege folk og sette det inn i ei større ramme – med eit tydeleg innslag av nasjonalkjensle, men også med bruk av eventyrsymbol (Ibsen).

Fineart i Telemark

Opplev verka til "Dei fire store" i fire faste utstillingar ved Vest-Telemark Musem:

Dyre Vaa, Anne Grimdalen ,Gunnar Utsond ,Knut Skinnarland

Innan biletkunsten fanst ei tilsvarande utvikling – av realisme eller det som blei kalla «naturalisme», og vidare til symbolisme. Når det gjeld skulptur, knyter me store namn som Gustav Vigeland og Ingebrigt Vik til naturalismen. Ser ein bort frå desse, er det fire kunstnarar frå øvre Telemark som i fellesskap representerer utviklinga på ein slåande måte. Akkurat som dei fire store innan litteraturen var dei født innan eit tidsrom på ca. 50 år, dei hadde liknande utdanning og dei påverka kvarandre – så ulike som dei var. Ikkje minst er det desse fire som er representert med flest skulpturar rundt om i Noreg – og i utlandet!

Desse «fire store» frå Vest-Telemark er Gunnar Utsond (født 1864 i Kviteseid), Anne Grimdalen (født 1899 i Skafså, i dag Tokke kommune), Dyre Vaa (født 1903 i Kviteseid) og Knut Skinnarland (født 1909 i Rauland). Vest-Telemark Museum formidlar i dag kunsten deira i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun, på Grimdalstunet (Skafså) og i «tvillingmusea» Dyre Vaa-samlingane og Skinnarlandsamlinga i Rauland.

Slik kunne publikum sjå Gunnar Utsond sin spektakulære skulptur «Helferd» på verdsutstillinga i Paris i 1900. Statuen står i bronse på Ekeberg i Oslo. Foto frå glasplate, ukjend fotograf.
Slik kunne publikum sjå Gunnar Utsond sin spektakulære skulptur «Helferd» på verdsutstillinga i Paris i 1900. Statuen står i bronse på Ekeberg i Oslo. Foto frå glasplate, ukjend fotograf.

Gunnar Utsond

«The grand old man» blant dei fire var naturlegvis Gunnar Utsond. Saman med Gustav Vigeland gjorde han den franske naturalismen kjend i Noreg kring år 1900. Det var den store franske bilethoggaren Auguste Rodin sine skulpturar – av både dyr og menneske – som først viste kroppen slik den var i røynda, i kvardagsposisjonar, med lemmer og musklar frosne i synleg rørsle, med eit realistisk ansiktsuttrykk og etter kvart også kroppslege svakheiter og lyter.

I starten blei Rodin møtt med sterk kritikk for dette, for var ikkje ein slik skulptur berre ei avstøyping av ein kropp, og ikkje kunst? Gunnar Utsond fekk erfare det same: den første skulpturen han fekk stille ut («Spikkende gutt» i 1894) blei kalla for «fusk og humbug» fordi den var så realistisk at ein kunne tru den var levande. Til trass for kritikken blei den realistiske stilen tonegjevande også innan norsk skulptur i fleire tiår framover.

Gunnar Utsond i atelieret, her i gang med bysten av statsminister Gunnar Knudsen, usikkert årstal. Ukjend fotograf.
Gunnar Utsond i atelieret, her i gang med bysten av statsminister Gunnar Knudsen, usikkert årstal. Ukjend fotograf.
«Spikkende gut» var Gunnar Utsond sin første utstilte skulptur i 1894 – sterkt kritisert fordi den var så meisterleg livaktig. Figuren står i Utsondhalli ved Kviteseid bygdetun. Foto: Leif Jamtveit.
«Spikkende gut» var Gunnar Utsond sin første utstilte skulptur i 1894 – sterkt kritisert fordi den var så meisterleg livaktig. Figuren står i Utsondhalli ved Kviteseid bygdetun. Foto: Leif Jamtveit.

Paradoksalt nok var det Gunnar Utsond sjølv som ville vere meir enn «realist» frå starten av. Hans mest kjende verk «Helferd» er ikkje berre ein hyperrealistisk skulptur av ein hest med to ryttarar som i stor fart rir (nesten stupar) ned ein skrent. Det er også eit av hovudverka innan europeisk symbolisme! «Helhesten» som den også blir kalla, står fram som eit symbol på menneskelivet si ferd mot døden, knytt opp til den norrøne myten om guden Balder. Her var Utsond forut for si tid i Noreg; skulpturen var så omstridt at den blei sett opp offentleg først i 1921, sjølv om den hadde vunne gullmedalje ved tusenårsutstillinga i Paris alt i 1900!

Då Kunstakademiet blei oppretta i Christiania (Oslo) i 1909, fekk Utsond stillinga som Noregs første professor i bilethoggarkunst. Han lærte mange studentar anatomi og støypeteknikk, men i 1921 trekte han seg brått frå stillinga, flytta til Neset i Kviteseid og var fram til sin død i 1950 kjend i bygda som ein eksentrisk mann som i blant laga særs groteske skulpturar.

Dyre Vaa-samlingane i Rauland med sitt store, katedral-liknande hovudutstillingsrom. Foto: Leif Jamtveit

Dyre Vaa-samlingane i Rauland med sitt store, katedral-liknande hovudutstillingsrom. Foto: Leif Jamtveit

Tri unge talent kjem etter

Då Dyre Vaa kom til Christiania i 1922 for å studere bilethoggarteknikk ved kunstakademiet, var Utsond ikkje lenger der. I staden blei etterfølgjaren Wilhelm Rasmussen læremeister for både Dyre, Anne Grimdalen (som kom dit i 1927) og Knut Skinnarland (frå 1938). Men Dyre Vaa hadde møtt Gunnar Utsond tidlegare, heime i Kviteseid, og fått oppmuntring for eit hovud han hadde laga.

Dyre Vaa og Anne Grimdalen hadde særs ulike utgangspunkt. 19 år gamle Dyre kom frå ein velståande familie og var kalla opp etter ein forfar som sjølvaste Welhaven hadde skrive dikt om i 1846. Syster til Dyre, Aslaug, blei ein av Noregs mest kjende poetar. Familien gjekk rett nok fallitt, men Dyre fekk hjelp av ein onkel til å ta utdanning.

Anne ved foten av steinstatuen av Harald Hårfagre som pryder veggen på sjøsida av Oslo Rådhus, ca. 1950. Foto: Ragnvald Væring
Anne ved foten av steinstatuen av Harald Hårfagre som pryder veggen på sjøsida av Oslo Rådhus, ca. 1950. Foto: Ragnvald Væring

Anne, derimot, voks opp i fattigslege kår på fjellgarden Grimdalen som sjette av ti born. Det var på ingen måte gjeve at ho skulle bli kunstnar. Interessa for kunst kom gjennom rosemåling. Som så mange reiste ho til Christiania som hushjelp, og gjekk på kunst- og handverksskulen. Rektoren der oppdaga talentet hennar for skulptur, og fekk ho til å søkje på akademiet. Ho var då 28 år gamal.

Knut Skinnarland byrja si kunstutdanning seinare, i ein alder av 29 år, 15 år etter Dyre og Anne. Han var frå ein bondefamilie med dyktige sylvsmedar og treskjerarar. Som Anne gjekk han på handverksskule først. Men så møtte han Dyre Vaa som i 1935 hadde flytta til Rauland og bygd seg atelier der han heldt på med storproduksjon av skulpturar. Møtet blei avgjerande for Knut som bestemte seg for å bli bilethoggar, han med.

Skinnarlandsamlinga Rauland
Atelieret til Knut Skinnarland er rekonstruert på Skinnarlandsamlinga i Rauland. Foto: Leif Jamtveit
Skinnarlandsamlinga Rauland Atelieret til Knut Skinnarland er rekonstruert på Skinnarlandsamlinga i Rauland. Foto: Leif Jamtveit

Som Gunnar Utsond før dei, oppheldt Dyre, Anne og Knut seg i lengre periodar i Danmark og Frankrike på studieturar. Der blei dei inspirert av naturalismen – den rådande kunstretninga som ville vise allmenngyldige sider ved menneske- og dyrelivet ved hjelp av realistiske skulpturar. I kvar sin stil kom dei til å prege bilethoggarkunsten i Noreg i fleire tiår.

Då krigen kom

Krigen lagde vanskar av ulik grad for dei fire. Anne hadde rukke å bli «eventyrjenta i norsk billedhuggerkunst» ved å vinne ei konkurranse om utsmykking av det nye Oslo Rådhus, men fekk ikkje fullført arbeidet før etter 1945. Knut fekk eit avbrot i utdanninga, medan Dyre arbeidde vidare i det stille i Rauland. Verst gjekk det utover gamle Gunnar Utsond, som blei mistenkt for å ha støtta Nasjonal Samling (noko som ikkje blei bevist). Tilknytinga til Wilhelm Rasmussen, som faktisk blei dømd for landssvik, var nok ei tragisk sak for alle fire.

Utkast til Fiskarmonumentet av Knut Skinnarland slik det står i Ålesund i dag. Gipsfiguren står på Skinnarlandsamlinga i Rauland. Foto: VTM
Utkast til Fiskarmonumentet av Knut Skinnarland slik det står i Ålesund i dag. Gipsfiguren står på Skinnarlandsamlinga i Rauland. Foto: VTM

Etterkrigstida blei ei stordomsperiode for både Dyre, Anne og Knut. Dei var og er landets mest produktive bilethoggarar gjennom tidene: Dyre og Knut i Noreg, Anne i tillegg i utlandet. Ankerbrua i Oslo (Dyre), ryttarmonumentet av Harald Hårfagre ved Oslo Rådhus (Anne) og Fiskarmonumentet i Ålesund (Knut) er berre nokre verk som ruver etter dei. Men det var berre Gunnar Utsond som skapte betydelege verk innan symbolismen – akkurat som Ibsen blant dei «fire store» i litteraturen.

Utsonds meisterverk «Helferd» kan du sjå utanfor den gamle sjømannsskolen på Ekeberg i Oslo.

Av Tilman Hartenstein, formidlingsansvarleg VTM

Kultur og tradisjon