Det magiske vatnet, Nikuls og «De dødes tjern»

Frå gamalt av blei det fortalt at Eidsborgtjønni  blei magisk midtsommarnatta, og at ein kunne bli frisk av all slags sjukdom ved å bade den natta. Trua blei på 1300-talet opphav til eit religiøst ritual som heldt seg levande gjennom 500 år. Truleg var soga også inspirasjonen til ein av Noreg sine mest kjende kriminalromanar.

Bading i Eidsborgtjønni på Jonsoknatta
Bading i Eidsborgtjønni på Jonsoknatta

Rett nedanfor Eidsborg stavkyrkje, opp det bratte berget frå Dalen (Tokke), ikkje langt frå Vest-Telemark Museum, ligg den vesle innsjøen Eidsborgtjønni. Lengje før kristendomen har her  vore religiøse festar ved midtsommar. Folk trudde at alt vatn og til og med dogg i graset fekk ein ekstra styrke ved sommarsolsnu. Å bade Jonsoknatta var ei viktig handling for å sikre god avling og helse.

Denne trua, og midtsommarfestane med bading og vasking, levde vidare òg etter kristninga. I byrjinga ville prestane forby slik vasskult. Men så byrja dei i staden å kristne dei heilage vasskjeldene, slik at dyrkinga av vatnet skulle få ei kristen meining. Då blei det svært mange Olavskjelder her i landet!

Helgen figuren, Sankt Nikolaus kan du sjå i Eidsborg stavkyrkje
Helgen figuren, Sankt Nikolaus kan du sjå i Eidsborg stavkyrkje

St. Nikolaus og det magiske vatnet

stavkyrkja i Eidsborg blei bygd mot slutten av 1200-talet, blei ho som alle kyrkjer på den tida vigsla til ein katolsk helgen – Sankt Nikolaus. Ved sida av å vere gåvmild og førebiletet til både Santa Claus og julenissen, er Sankt Nikolaus kjend som skytshelgen for sjøfolk, og for å redde folk frå skipsforlis.

Om ein synest det er rart at ei kyrkje i øvre Telemark blir vigsla til ein sjøfararhelgen, må ein hugse at folk i Eidsborg hadde mykje kontakt med kysten. Dei produserte og eksporterte brynestein gjennom 1200 år, frå 700-talet til 1952! Difor blei dei truleg òg kristna tidlegare enn andre plassar. Å kople sjøfart, kristendom og St. Nikolaus var naturleg for dei.

Eidsborg_stavkirke_i_Tokke
Eidsborg stavkirke

Men det er meir vatn knytt til Sankt Nikolaus. Han blei dyrka som helgen alt på 500-talet, men etter at kista med skjelettet hans blei røva frå Tyrkia til Bari i Italia i år 1087, blei Nikolaus ein av dei mest populære kristne helgenane nokon sinne. Folk frå heile den kjende verda valfarta til grava hans, ikkje minst for å bli lækt av ei mirakuløs væske som siva ut frå knoklane i kista! Ampullar med lækjande

«Nikolausvatn» frå Bari var svært populære og blei seld i heile Europa.
I tillegg til ein helgenstatue skulle kvar vigsla kyrkja ha ein relikvie. Dette var vanlegvis ein del av kroppen til den heilage eller noko som han hadde vore i kontakt med. Relikvien blei plassert i eit lite rom i altarbordet inne i koret. Relikvien i Eidsborg var mest sannsynleg ei ampulle med «Nikolausvatn» frå Bari i Italia.

Eidsborgtjønni Foto: Robert Hansen/ NRK

Eidsborgtjønni Foto: Robert Hansen/ NRK

Prosesjonen kring Eidsborgtjønni

Historia om St. Nikolaus fortalde nok presten om både ved sjølve festdagen 6. desember, kjend som Nilsmess, og ved dagen for vigslinga av kyrkja (kyrmess). Tradisjonen med at det draup lækjande vatn frå lekamen til Nikolaus, kjende dei difor godt til i Eidsborg. Det var kanskje ikkje så rart at denne tradisjonen raskt blei innlemma i feiringa av sommarsolsnu Jonsoknatta.

Og slik gjekk det føre seg: Jonsoknatta leste presten ved Eisborg stavkyrkje latinske tidebøn om Johannes Døyparen (jonsok tyder Johannesvake). Etter vaka i kyrkja gjekk presten føre i ein prosesjon der bøndene bar statuen av Sankt Nikolaus, eller «Nikuls» som dei kalla han, ned til vatnet. Der helte dei vatn over han, før dei høgtideleg tok heilag væske frå helgenen, akkurat som folk gjorde i Bari. Dei som fekk dette vatnet på seg, blei frie for synder og sjukdom.

Frå 1300-talet av blei dette gjort kvar einaste jonsok gjennom meir enn 500 år. Først på slutten av 1700-talet, 250 år etter reformasjonen, klarte den lutherske kyrkja å stoppe ritualet som jo var dobbelt uhøveleg: det var både heidensk og katolsk. Enda nokre tiår seinare, i 1826, blei statuen av Nikuls teke ut av kyrkja. I 10 år stod han ute i svalgangen, utsett for ver og vind og løftekonkurransar blant den lokale ungdomen.

I 1836 blei Nikuls omsider sendt til den nystarta Oldsakssamlinga i Christiania (Oslo) der han i dag står i den faste kyrkjeutstillinga ved Kulturhistorisk Museum. Sentralt i dette var lensmannen i Lårdal, Peter Mandt, som var stortingsrepresentant på denne tida. Han var òg ein viktig forkjempar for stavkyrkja og fekk redda ho frå både riving og massiv ombygging.

I 1964 fekk kyrkja ein kopi av Nikuls, som ein i dag kan sjå bak i skipet.

Bildet viser Henny Moan som spela i filmen «De dødes tjern» Foto: NTB Skanpix
Bildet viser Henny Moan som spela i filmen «De dødes tjern» Foto: NTB Skanpix

«De dødes tjern»

I 1941 satt forfattaren André Bjerke på ein av gardane ved Eidsborgtjønni og skreiv på sin andre kriminalroman – «De dødes tjern». Boka kom ut året etter, under psevdonymet Bernhard Borge, og blei ein stor suksess. I 2004 blei boka faktisk kåra til Noregs nest beste krimroman (rett etter Jo Nesbø). Historia blei òg filmatisert i 1958 - Noreg sin første skrekkfilm.

I boka er handlinga og tjernet lagt til ein annan del av Noreg, men Bjerke må utan tvil ha blitt inspirert av det han såg utanfor glaset. Me veit ikkje om han kjende til historia om Nikuls og det magiske vatnet, men ein kan rekne med det. Dottera Vilde Bjerke er i alle fall ikkje i tvil om at Eidsborgtjønni faktisk er «De dødes tjern».

Prosesjonsvandring ved Eidsborg stavkyrkje
Prosesjonsvandring ved Eidsborg stavkyrkje

Nikulsvandring i 2018

Som eit historisk tablå har Vest-Telemark Museum tatt opp att Nikulsvandringa Jonsokkvelden. Laurdag 23. juni arrangerer museet ein «Nikulskveld» som forutan føredrag og god mat byr på ein rekonstruksjon av den historiske prosesjonen med Nikuls kring Eidsborgtjønni. Det heile skjer i samarbeid med kyrkja som bidrar med ein andakt i stavkyrkja. Sjå prosesjonsvandringen fra 2004.

Av Tilman Hartenstein VTM

Kultur og tradisjon