Ei dronning og ein innovatør

Foto: Margit N. Aasan

Sjølvaste dronninga vert ho kalla, det vesle Telemarksfeet som er like heilag for Dyrsku’n som kua er for indarar. Og visste du at det var ein framsynt svenske som la grunnlaget for det heile?

1956 utstilling av telemarkskyr i fjoset
1956 utstilling av telemarkskyr i fjoset

Den vesle og staselege Telemarkskua var i fokus då messa vart starta opp i 1856. Korleis kom det i stand? Og starta det i Seljord i det heile? Og korleis kunne ein svenske få så stor betyding for ein liten dal i øvre Telemark ?

Svensken Johan Lindeqvist var ein av tre statsagronomar som arbeidde i Norge rundt 1850. Han hadde ein spesiell forkjærleik for den vesle kua som hadde fantastiske gode eigenskapar for å beite mellom bakkar og berg i det brattlendte terrenget i Telemark. Han hadde late blikket sitt falle på Telemarksfeet og såg på storfeutstillingar som eit godt verkemiddel for å danne rasen.

Eit verkemiddel som det offentlege nytta for å fremje storfehaldet midt på 1800-talet, var fesjå. Dyrsku’n i Seljord er landets eldste statlege utstilling og det var trongen for gode avlsdyr til Telemarkrasen som la heile grunnlaget for den levande tradisjonen.

Kontakt Dyrsku'n

  • Nordbygdivegen 60
  • Telefon: 35 06 57 70
  • E-post:post@dyrskun.no

Jeg ønsker mer informasjon om Dyrsku'n 2017 i Seljord:

Kunnskapsformidling til alle tider

Det heile starta i Kviteseid i 1856 , då Noregshistorias fyrste rasefesjå vart avhalde i den vesle bygda Kviteseid, berre eit par mil frå staden der messa arrangerast i dag. Statsagronomen Lindeqvist sin tanke var sjølvsagt også at storfeutstillingane skulle føre til å auke den faglege kunnskapen og interessa hos norske bønder. Og bøndene møtte opp i hopetal for å sjå og lære, og fesjået var ein suksess frå fyrste dag.

Johan Lindeqvist
Johan Lindeqvist

«Bondens lykke, kongens gull»                                  Jan Erik Kjær, Alfa Forlag 2006

Foto: Dyrsku'n

– Dyrsku’n er for alle – slik har det alltid vore, og slik skal det vere! Dyrsku’n er eit under, sa Stein Ørnhøi.

Foto: Dyrsku'n

Seljord peikar seg ut

Etter at Lindeqvist hadde fått i stand dette første rasefesjået for Telemarksfe i Kviteseid 1856, vart det halde dyrskue kvart år i Telemark. Det blei veksla mellom å halde dei i Kviteseid, på Dalen, i Seljord, Gvarv og Sauland.

Det første dyrskuet i Seljord blei halde i 1858 og det andre i 1863. Lindeqvist kom etter det siste dyrskuet i Seljord med ei sterk oppmoding til indredepartementet om at dyrskuen burde leggast fast til Seljord på bakgrunn av bygdas plassering og «…mængden av vakre kreaturer « Utspelet vakte stor interesse og amtmann Aall sendte, på vegne av kommunestyret i Seljord, søknad til indredepartementet om at det skulle avhaldas faste dyrskuar i Seljord på Statens rekning.
Etter ein lengre saksgang vart søknaden imøtekomen ved stortingsvedtak 28. november 1865.

17. september 1866 vart så statens første årlige kvegutstilling i Seljord arrangert, og har hatt ei ubroten årleg rekke sidan den gong. Uår, krigsår og store hendingar, Dyrsku’n har gått sin gang i 150 år. Det er sjela i Dyrsku’n som er unik. Her har folk møttest til alle tider for ein prat, for å lære, for å handle, smake eller sjå.

Dyrsku’n er for alle – slik har det alltid vore, og slik skal det vere! Dyrsku’n er eit under, sa Stein Ørnhøi . Ja, kanskje er det det? Kom og prøv da vel, og bli med på feiringa  av det moderne folkeeventyret Dyrsku’n!

Dyrsku’n 2017 arrangeres 8. – 10. september, se årets program.

 

IMG_5353 brand image

Dyrsku'n historia

I over 150 år har folkefesten, handels- og landbruksmessa og fesjå Dyrsku´n samla opp mot 90 000 menneske frå heile Sør-Noreg.

Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.

Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon samstundes som statsagronom Johann Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

Kjem du tidleg til Dyrsku’n i år? No arrangerer vi i samarbeid med Visit Seljord fantastiske turar i Telemark. Bli med du også!

Foto: Dyrsku'n
Foto: Dyrsku'n

150 år med Dyrsku`n

1866: "Statens første Qvægudstilling” i Seljord.

1867: Dyrsku-fjøset med 200 båsplassar teke i bruk.

1897: Dyrsku-fjøset utvida til vel 300 båsplassar.

1916: 50-årsjubileum. Kongens fortjenstmedalje i sølv til
telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet "for telemarksfæets fremgang".

1947: Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarkskyri.

1956: 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku,n i Seljord. Kronprins Olav æresgjest.

1962: Bygdekunst/husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku,n. I dag landets største husflidsutstilling.

1965: Seljord kommune inn i Dyrsku'n.

1966: Jubileumsutstilling. Ny husflidshall, utstillingshall og nytt sanitæranlegg.

1968: Dyrsku'n blir utvida frå to til tre dagar og flytt til helg.

1969: Namneendring til Seljordutstillinga Dyrsku'n. Den fyrste Seljordprisen blir delt ut.

1970: For fyrste gong over 20 000 på Dyrsku,n: 20 193.

1977: Seljord Idrettslag tek over matsalet på Dyrsku,n.

1981: Fyrste gong over 50 000 på Dyrsku,n: 51 035 selde billettar.

1987: Nybygg med friluftsscene.

1990: 62 742 på Dyrsku,n.

1991: 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria.

1993: Ny publikumsrekord: 64 182.

1995: Dyrsku-arrangementet omorganisert, Dyrsku,n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innafor gjerdet).

1996: Driftsselskapet Dyrsku'n Arrangement AS overtek drifta av Dyrsku'n. Ny husdyrhall og ny ride/salshall. 66 417 på Dyrsku,n.

1997: Husmannsstoga frå Gonge på Seljordshei blir restaurert og teken i bruk under Dyrsku'n.

1998: Nytt, moderne toalettanlegg.

1999: Sterke Nils-tunet og den nybygde "Stogo"blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887.

2000: Rosemålarane tevlar om publikumspris. Besøkstal: 67 158.

2002: Ny publikumsrekord under Dyrsku`n, heile 75 072 betalande gjester.

2003: Skoghuset under oppføring. Ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen.

2004: Den nye smia og ystebui vart teken i bruk.

2006: Dyrsku`n fyller 140 år! Ekstra satsing på dei fleste område. Cowparade vert avslutta med ein auksjon under Dyrsku`n der pengane går til bønder i Malawi.

2007: Storstogo bygd og tatt i bruk, bygget husar administrasjon dor Dyrsku´n Arrangement, samt kjøkken.

2008: Dyrsku´n mat og kompetansesenter er i drift. Storstogo servering og produksjonskjøkken opnar.

2010: Nytt matkvartal. Dyrsku´n blir inkubator for mat- og naturbasert næring. Stuten Kafe renoverast.

2011: Dyrskuplassen blir utvida med 25 daa. (I-feltet)

2012: Husflidutstillinga er 50 år på Dyrsku´n

2014: Publikumsrekord med 88 000 menneskje innafor portane på Dyrskuplassen.

2015: Storstoga oppgraderas og blir ein fin arena for selskap, konfirmasjonar og meir

2016: Dyrsku´n fyllar 150 år

Les mer om Dyrsku'n og Seljord

Kultur og tradisjon