Draumkvedet- mystisk, eineståande og originalt

Draumkvedet er ei mektig skildring av kampen mellom det gode og onde. Visjonsdiktet skildrar eit syn eller ein visjon av livet etter døden, og er blitt betegna som eit eineståande originalt kunstverk.

 

Folkeminnevitaren Olav Bø har kalla Draumkvedet Noregs svar på «Dantes guddommelige komedie».
På Vest-Telemark museum i Eidsborg blir dette visjonsdiktet formidla gjennom ein ny lydinstallasjon, som blir tilgjengeleg så fort smittevernreglane tillet det. I tillegg viser museet ei lita utstilling om Draumkvedet. På Grimdalstunet i Skafså finst ei utstilling med måleri av Karl Erik Harr, som du kan sjå medan tonane frå Draumkvedet lyder i bakgrunnen.

Den dramatiske draumen

Og det var Olav Åsteson
Som heve sove så lengje…

Trettandedag jol, altså 6. januar, i katolsk tid kalla «Epiphanias» (openberringsdagen), vaknar ein ung mann ved namn Olav Åsteson frå ein 13 dagar lang «sterk svevn». Han kler seg i fine klede, rir til kyrkja, avbryt gudstenesta og fortel om sine draumar. Der har han vandra over «Gjallarbrua» til underverda, han har sett skjærseld og paradis og han har opplevd sjølve domedagen i kampen mellom djevelen Grutte Gråskjegg og erkeengelen Mikael.
Dette er innhaldet i visjonsballaden «Draumkvedet». Kvadet er eit av Noreg sine mest unike bidrag til europeisk musikk-, litteratur- og kulturhistorie. Balladen eksisterte som ei munnleg overlevering i fleire hundre år, og blei bevart opp til vår tid fordi det lengst blei sunge i eit nokså isolert og avgrensa område, langt frå allfarveg, søraust i den norske fjellheimen.
Eidsborg stavkyrkje Foto Robert Hansen
Eidsborg stavkyrkje Foto Robert Hansen

Gåta Draumkvedet

Både katolske og førkristne element er tydeleg å spore i songen. Likevel har alderen på Draumkvedet vore ei gåte. Teoriane om opphavstida spenner frå 400- til 1700-talet. Mest sannsynleg er at songen oppstod etter 1200-talet ein gong, då riddarballadar av liknande form var populære ved aristokratiske hoff og kjent blant folk flest, også i Skandinavia.

Draumkvedet kan seiast å vere ein lokal folkesong frå øvre Telemark, sjølv om me ikkje veit heilt sikkert kvar det er oppstått. Men det står og i ein tradisjon med religiøse visjonsdikt frå Europa. Songen har tematiske likskapar med både «Tundals visjon» (Irland/Tyskland, ca. 1149, norrønt «Duggáls Leizla»), «Solarljod» (Island, 1200-talet) og Dante Alighieris berømte «Divina Comedia» (Italia, før 1321).

Denne likskapen med europeisk visjonsdikting tyder på balladen kan ha ein lærd opphavsmann. Kanskje ein munk eller prest, ein aristokrat eller tilreisande embetsmann. Ein norsk bondeson som har vore på reise kan òg tenkjast. Uansett er dei ulike tekstvariantane me kjenner til, påverka av dei mange lokale songarar og endra eller tilpassa lokale høve gjennom hundreåra.

Ein lokal folkesong?

Balladen om draumen til Olav Åsteson blei oppdaga midt på 1800-talet i Vest-Telemark. Det var kjende folkeminnegranskarar som Olea Crøger, M.B. Landstad, Ivar Aasen, Sophus Bugge, Moltke Moe og Rikard Berge som skreiv ned ulike versjonar og melodiar til kvadet mellom 1840 og 1910.

Liv Bratterud (1826-1892) syng ballader (men diverre ikkje Draumkvedet, så vidt me veit) for Moltke Moe i 1880. Foto: Halvor Skogen, Bø
Liv Bratterud (1826-1892) syng ballader (men diverre ikkje Draumkvedet, så vidt me veit) for Moltke Moe i 1880. Foto: Halvor Skogen, Bø

Kjeldene var for det meste kvinner – gamle husmannskoner så vel som yngre gardsjenter – som klarte å hugse større eller mindre delar av eit kvad som folk i øvre Telemark må ha sunge i mange generasjonar, og som opphaveleg skal ha hatt over hundre vers.

Dei ulike versjonane er funne i eit nokså avgrensa område både geografisk og i tid, frå Maren Ramskeid frå Brunkeberg i Kviteseid (ca. 1840), via Anne Lillegård frå Eidsborg (1847) og Torbjørg Ripilen frå Mo (1890) – båe i dag i Tokke kommune –, til Marit Tveiten frå Grungedal i Vinje (1910).

Desse og dei fleste andre songarane budde innanfor ein radius på ca. 50 km kring Eidsborg stavkyrkje. Sidan det ikkje finst variantar av kvadet bevart andre stader i landet, er det sannsynleg at Draumkvedet på 1800-talet blei sunge berre her. Til gjengjeld blei det sunge mykje, t.d. i gravferd. Det blei sagt at alle kunne litt av den, men ingen kunne alt.

Torbjørg Ripilen sit fremst, som nummer tre frå venstre framfor det som truleg er stova på Låmyrstøylen i Botnedalen. Frå ein serie med fotografi i eit album som har tilhøyrt folklorist og professor Moltke Moe (1859-1913), truleg frå 1880-åra og med motiv frå Telemark. 
Foto: Norsk folkemuseum, ukjend fotograf
Torbjørg Ripilen sit fremst, som nummer tre frå venstre framfor det som truleg er stova på Låmyrstøylen i Botnedalen. Frå ein serie med fotografi i eit album som har tilhøyrt folklorist og professor Moltke Moe (1859-1913), truleg frå 1880-åra og med motiv frå Telemark. Foto: Norsk folkemuseum, ukjend fotograf

Tolkingar og teoriar

I dei fleste kjente versjonane heiter hovudpersonen Olav Åknison eller Åknesi. Namnet «Åsteson» er som ein del anna ei seinare tildikting. Ein tenkte seg at Olav kunne vere identisk med Olav den Heilage, som hadde ei mor som heit Åsta. Det er rett nok ulogisk, sidan tradisjonen var å ta farens fornamn, og Olav blei difor kalla Haraldsson. I dag finst det då heller ikkje støtte for denne tolkinga, men namnet «Åsteson» blei likevel ståande. Landstad på si side trudde Olav kunne vere identisk med ein kjent dansk misjonær ved namn Ansgarius (norsk Aasgaardsson).

På same fantasifulle vis er den «rekonstituerte» versjonen til Moltke Moe (1894) som ein gjennom lange periodar kunne finne i skulebøkene, sett saman av ulike versjonar og ein del «framande» element og gamlestev. Versjonen hans på over 50 vers speglar nok meir det romantiske behovet for eit kristent nasjonalkvad i forkant av unionsoppløysinga, enn eit fagleg fundert forsøk på rekonstruksjon.

 

Foto Robert Hansen
Foto Robert Hansen

Skildringane i Draumkvedet har opna for mange tolkingar og teoriar. Den pinefulle vegen over Gjallarbrua (som kan vere brua over elva Gjoll på veg til Helheim, eller ei forvansking av «Geldebroen» frå ei dansk preikebok) er ei klassisk ferd til underverda slik ho finst i mange mytologiar. Men kan det i tillegg vere snakk om eit landskap i øvre Telemark med stadnamn som me ikkje lenger veit om («Heklemo», «Våsemyrane»)?

Også utanfor Noregs grenser la ein merke til Draumkvedet. Den tyske filosofen og grunnleggjaren av antroposofien, Rudolf Steiner, blei merksam på songen på ei reise til Noreg i 1910. Han omsette teksten straks til tysk og tolka den som ei «innvigd» forteljing laga av ein munk ved ein «mysterieskule» i Sør-Noreg på 400-talet. Ein spanande teori som det ikkje finst noko som helst bevis for.

Den gamle fjellgarden Ripilen i Tokke. Torbjørg Ripilen var ei av fleire som kvad Draumkvedet for folkloristen Moltke Moe.
Foto: Anne Gundersen
Den gamle fjellgarden Ripilen i Tokke. Torbjørg Ripilen var ei av fleire som kvad Draumkvedet for folkloristen Moltke Moe. Foto: Anne Gundersen

Ein annan mystikar, Ivar Mortensson-Egnund var prest i Fyresdal i Vest-Telemark mellom 1910 og 1914, ei tid då interessa for Draumkvedet var på sitt høgaste. Han gav ut eigne dikt kalla for «Draumkvæe» (1895), og tolka Draumkvedet på sitt særeigne arkaiske nynorsk (1905).

I den andre enden av skalaen står litteraten og kulturkritikaren Georg Johannessen. Han hevda i ein essayistisk bok (1993) at Draumkvedet måtte vere ei etterlikning av eit mellomalderdikt, eit falsum, laga av katolske aktivistar etter reformasjonen for å irritere den protestantiske kyrkja.

Dei mest seriøse Draumkvedet-forskarane har vore norske Brynjulf Alver og Olav Bø, svenske Bengt R. Jonsson og engelske Michael Barnes. Dei er mindre spekulative og diskuterer ulike alternativ, men landar likevel på kvar sin teori. Det me sikkert veit, er at me ikkje veit.

Svartedauden og Draumkvedet

Eit av omkveda i songen, «I Broksvalin der skal domen stande», har og vore gjenstand for ulike tolkingar. «Broksvalin» kan vere ein sal i skyene – lik det norrøne Valhall – , men det kan og vise heilt konkret til ein svalgang slik me finner kring mange stavkyrkjer. Kan det til og med vere svalgangen kring Eidsborg stavkyrkje? Me veit det naturlegvis ikkje. Men at dei som song kjente til stavkyrkja i Eidsborg, det er sikkert.

Sikkert er også at det i tida etter Svartedauden (1349) fanst eit behov for religiøs praksis utanom dei forletne kyrkjene. Dei fleste prestane hadde døydd, i likskap med to tredjedelar av befolkninga. Kva ligg nærare å anta enn at dei som var att etter pesta, laga sine eigne religiøse ritual for heimebruk, basert på si konkrete oppleving av døden?

Detalj frå stavkyrkja Vest Telemark Museum Foto: Yngve Ask
Detalj frå stavkyrkja Vest Telemark Museum Foto: Yngve Ask

Kan det tenkjast at ein tilreisande fortalde dei overlevande om dei religiøse visjonane som fanst ute i Europa? Blei dette kopla saman med ein av dei populære balladane som var i omløp? Var historia om Olav basert på ei verkeleg hending, der ein ung mann på mirakuløst vis kom seg etter å ha vore smitta av pesten? Song folk kvadet for å få trøyst i ei useieleg vanskeleg tid?

Kvar Draumkvedet kom frå, og korleis det blei bruka i praksis, får me aldri vite. Men krafta som finst i bileta og førestillingane slik dei er skildra i songen, kan me framleis kjenne på. Det at kvadet overlevde i så lang tid, tyder på at det handlar om avgjerande erfaringar og kjensler for dei som song, og dei som lytta.

Levande song og inspirasjon

Draumkvedet har inspirert mange kunstnarar heilt sidan balladen blei kjend, ikkje minst komponistar. Ludvig Mathias Lindeman var den fyrste som gav ut komposisjonar basert på Draumkvedet på 1800-talet. Ut på 1900-talet kom verka som perler på ei snor: frå David Monrad Johansen, Klaus Egge, Sparre Olsen, Johan Kvandal, Eivind Groven, Ludvig Nielsen og Arne Nordheim. Den nyaste utgjevnaden er progrock-bandet Neograss sin versjon frå 2015.

Halvor Håkanes syng Draumkvedet.
Foto: Natasha Barrett
Halvor Håkanes syng Draumkvedet. Foto: Natasha Barrett

Det finst ei rekkje «originalinnspelingar» av balladen, av m. a. Knut Askje (Lårdal, 1950-talet), Tora Raknes (Kviteseid, 1950-talet), Aslak Høgetveit (Vinje, 1966) og Endre Sandland (Kviteseid, 2000-talet). Men det er usikkert om det var slik Draumkvedet faktisk høyrtest ut – songarane er utan tvil påverka av dei nedskrivne tekstane, og melodiane som L. M. Lindeman og den populære songaren Torvald Lammers spreidde på slutten av 1800-talet. Det var forresten Ivar Aasen som hadde skrive ned melodiane som Lindeman bruka som utgangspunkt, etter Olav Glosimot frå Seljord i 1845.

Dei fleste kjenner Draumkvedet frå Agnes Buen Garnås si kjende LP-innspeling frå 1984. Der syng ho ein annan «rekonstruert» versjon, laga av M. B. Landstad (1853) på basis av Maren Ramskeid-varianten. Også Sondre Bratland (2002) og Berit Opheim Versto (2008) har gjeve ut sine variantar. Draumkvedet blir framleis framført mange stader av lokale artistar, ofte kring 13. dag jol (6. januar).

Også biletkunstnarar har latt seg inspirere av Draumkvedet. Me nemner i fleng: Aslak K. Svalastoga, Gerhard Munthe, H.G. Sørensen, Sveinung Svalastoga, Torvald Moseid, Anne-Lise Knoff, Ragna Breivik, Karl Erik Harr (utstilt ved Grimdalstunet i Skafså), Borgny Svalastog, m.fl. Små utsnitt frå Torvald Moseid sitt 55 m lange Draumkvedet-teppe (1993) er å sjå i den visuelle delen av utstillinga ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg.

Små utsnitt frå Torvald Moseid sitt 55 m lange Draumkvedet-teppe (1993) er å sjå i den visuelle delen av utstillinga ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Foto: VTM
Små utsnitt frå Torvald Moseid sitt 55 m lange Draumkvedet-teppe (1993) er å sjå i den visuelle delen av utstillinga ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Foto: VTM

Les teksten til Maren Ramskeid sin versjon av Draumkvedet, med ordforklaringar

Frå 2021 kan du oppleve ei akustisk-visuell utstilling om Draumkvedet ved Vest-Telemark Museum, rett ved stavkyrkja i Eidsborg i Tokke. Del av utstillinga er ein lydinstallasjon av komponist og lydkunstnar Natasha Barrett. Installasjonen er basert på nyinnspelingar av Draumkvedet (etter Maren Ramskeid) av Ellen B. Nordstoga og Halvor Håkanes, gjort i Eidsborg stavkyrkje. Den visuelle delen visar utsnitt av Draumkvedet-teppet til Torvald Moseid (1993). Installasjonen er støtta av Norsk Kulturråd og Sparebankstiftinga DNB.

Tekst:
Tilman Hartenstein, Vest-Telemark museum

Aktiviteter