Heltane bak Helterennet

Skiløpet Helterennet på Rauland er blitt ein tradisjon. Ein suksess. Gjentakande år med rekordmange deltakarar i sporet og over 220 frivillige som bretter opp ermene for ei helg.

Rennleiar Aud Irene Kittilsen Foto: Guro Lien
Rennleiar Aud Irene Kittilsen Foto: Guro Lien

Den gode lagånden blant mannskap og frivillige er merkbar og set eit unikt preg på stemninga langt til fjells. Vi har tatt ei runde bak i kulissane til skirennet.

Ein del av tradisjonen på Rauland

Rauland er fjellbygda ved foten av Hardangervidda. Raulendingane veit å ivareta sterke tradisjonar inntil barsk natur. Rennleiar Aud Irene Kittilsen er inga unntak. Full av glød og pågangsmot står ho i bresjen for det tradisjonsrike skirennet. For Helterennet er vel tradisjon når det gjennomførast på 9.året?

Skigåing – bra for helse og for sjela

Noko skil likevel dama frå mengda; med klingande sørlandsdialekt og tidlegare aktiv langrennsløpar kjenner ho langrennsmiljøet betre enn nokon. Ho snakkar overbevisande om den positive helseeffekten ved å gå på ski og oppriktig ynskjer ho alle å få ei mestring i skisporet - uansett utgangspunkt ein har. Ho er ikkje redd for å sei at ein må ta i litt for å sikre god helse. Å gå på ski er ei av dei.

Nettopp derfor skipa ho saman med rennleiinga og idrettslaget Dyre Vaa Helterennet som ein del av Telemarkhelten.

Eit skirenn for folk flest

Stadig fleire får augene opp for løypene i Rauland og kvart år sprenger dei fjorårets deltakararrekord. Alt frå eliteløparar til familiar, born og mosjonistar stiller i dei ulike klassene.

IMG_9256
Maskoten Bella er glad i dei minste heltane
Maskoten Bella er glad i dei minste heltane

Hektiske dagar for dei frivillige

Ho kan kjenne på presset, nervene og spenninga som ligg i lufta dagane før startskuddet går. Klarer løypemannskapet å få startsletta til i år? Er hovudpremiane frå sponsoren levert? Kan ho stole på siste værrapport?

I sekretariatet har seks frivillige samla seg. Dei riggar lokalet på Raulandshuset alt på torsdagen, to dagar før rennet. Dei ventar storinnrykk av førehandspåmeldte deltakarar som skal hente startnummer.
Det er hektiske timar før rennstart. Deltakarane har spørsmål og er synleg spente. Eit erfarent frivillig mannskap har gode rutiner og syner at dei har gjort dette før. Rennleiar har mange taumar å halde i.

Guro Lien-0447

Ingen forutan dei frivillige

- Det hadde ikkje gått utan dei frivillige. År etter år stiller dei opp og veit nøyaktiv kva arbeidsoppgåver dei skal ta fatt på. Det kjem heldigvis også stadig nye til som vil bidra.
-Eg er så takknemleg for at dugnadsånden er i oss! Og kor stolte vi alle er av å få til eit skirenn i Norgesklasse her på Rauland.

I løypa har fleire frivillige fordelt seg på dei ulike mellomstasjonane, den fyrste alt 5,6 km frå start.  Det går fort. Det er målbevisste deltakarar i løypa. Dei frivillige motiverar mens dei rekker ut ei hånd med varm saft og ei lefse. Litt energipåfyll må heltane ha. Fleire deltakarar masserar og gnir hendene over låra sine, tilbakelagte kilometer kjennes godt.

God service ute i løypa
God service ute i løypa

Så fort kruset er tømt får kraftige stavtak i gang kroppane som ivrar vidare. I dèt den siste løparen har passera mellomstasjonen tar dei frivillige til å rydde opp. Scooterane fraktar bord, beachflag og søppel tilbake til sivilisasjonen.

November 2018

- Det er stille her. Rennleiar står ved Homvatn og skuar utover mot Neset og Møsvatn der isen har begynt å legge seg. Farhovdfjellet bølgar seg i aust mot Vierli. Snøfnugga har god tid i det dei roleg svevar ned fra himmelen og brer seg som eit teppe på den til nå bare marka. Dagane blir bare mørkare og mørkare no fram mot jol.

Skispor m Raulandsfjell

Fuglehunden Zakk spring i sikksakk rundt beina hennar. Om nokre månader er det trikkeskinner her ho står. Om nokre månader varmar sola og tynnkledde løparar susar forbi fjellbjørka fuglehunden nettopp svinsa rundt.

Om nokon månader opnar ho dette området for 1500 deltakarar som etter tur passerar mellomstasjonen med smil, svette, konsentrasjon og konkurranseinstinkt. Den 9.mars er det ikkje lov for hundar å svinse rundt denne bjørka.

Ein helt har kome i mål
Ein helt har kome i mål

I mars brakar det laus

I målområdet er speakerane samla. Sivert, Eystein og Trond deler på ansvart. Sivert har tatt med eigen pc og ein større skjerm av erfaring frå tidligare år. Dei har kvar sin mikrofon. Karane fordelar ansvaret mellom seg; Sivert og Eystein syter for å markere plasseringar på deltakarar som ankjem mål. Sivert tar ansvaret for forvarselet, mens Eystein loser løparane inn til mål med rungande røyst.

Trond har trådlaus mikrofon. Han går rundt og intervjuar vinnarane samt deltakarar som skil seg ut. Han tar ei vurdering undervegs kven som egner seg til ein prat. Ikkje alle vil. Det skurrar i mikrofonen, truleg litt vind og støy. Gutane i speakerbua har av og til problem med å høyre Trond og det fører somme tider at dei snakkar i munnen på kvarandre. Sjarmerande vil kanskje nokon tenke.

Drikkestasjon 2 Lauvhovet
Drikkestasjon 2 Lauvhovet

I evalueringa har karane nevnt dette og dei vil gjera ei endå betre førehandstest av lyd og høgtalar til neste år. Dei vil sjå om de ikkje kan plassere høgtalarane annleis i år, eventuelt skaffe ein monitor.
For det ligg i detaljane. Ei frivillig ildsjel har auge for slikt.

Møt oss på Helterennet 9. mars!

Av Guro Mæland

Aktiviteter