Ei kald helg i slutten av november 1993 sto Morgedal på hovudet. «Alles» auge var retta mot den vesle bygda som fostra skipioneren Sondre Norheim. Aslak og Sigrid Slettemeås hugsar viraken kring fakkeltenninga og stafetten godt. Begge hadde hendene fulle både før og under folkefesten.
I år er det 30 år sidan Noreg gjekk inn i ein kollektiv OL-rus. Men lenge før kronprins Haakon heva fakkelen på sletta i Lysgårdsbakken på Lillehammer 12. februar 1994, hadde eldsjeler og dugnadsfolk i Morgedal jobba hardt og lenge for å skape fest og ståhei i bygda. For tredje gong i historia skulle OL-fakkelen tennast på Øverbø, husmannsplassen der Sondre Norheim blei født. Denne gongen gjekk seansen over i ei 74 dagar lang triumferd, med Posten og Statoil som hovudarrangørar – og med eit politisk konfliktdrama undervegs.
- Det var full fart. Nesten heile bygda var med, både store og små, minnest Aslak og Sigrid.
Dei har vore engasjert i Morgedals ve og vel gjennom mange år.
Reisetips
Sjekk ut disse lenkene og planlegg din tur til Morgedal og Norsk Skieventyr:
- Les mer om Norsk Skieventyr
- Les mer om Vest Telemark Museum
- Se flere attraksjoner og aktiviteter i Morgedal og område rundt
- Bestill overnatting på Morgedal Hotel eller Morgedal Camping & glamping
- For mer inspirasjon sjekk ut: visittelemark.no
Bombesøk om morgonen
Aslak hadde ansvar for den tekniske avdelinga under Morgedal olympiske komité. Han viser fram skisser av ridebanen rett ved hotellet, der Kulturseksjonen i Lillehammer olympiske organisajsonskomité (LOOC) ville ha scene, storskjerm, VIP-tribune og pressetribune. Det tok ikkje lang tid før VIP-tribuna måtte utvidast til å romme 100 personar; det kom stadig fleire namn på gjestelista.
Det endelege programmet for «Førolympisk fakkelhelg i Morgedal» fredag 26. og laurdag 27. november 1993 var pakka fullt med innslag. Idrettsstjernene sto klare til å springe dei fyrste etappene med fakkelen, og prinsesse Märtha Louise hadde det ærefulle oppdraget med å føre fakkelen ut av stoga på Øverbø og gje han vidare til verdsmeister på snøbrett, Åshild Lofthus frå Vinje. Det kongelege innslaget førte mellom anna til skjerpa vakthald i telemarksbygda.
- Det var mykje styr, og veldig strengt. Det var politi alle plassar, og politifolk gjorde bombesøk med hundar om morgonen, fortel Aslak. Sigrid og hennar kolleger hadde derimot ei hyggeleg oppgåve: dei servera kaffi og kling til prinsessa, som stilte i sporty nikkers og telemarksgenser.
-OL satte fart i alt
Fakkelfestprogrammet starta allereie på fredag, med opningsseremoni og snorklipping i det nye opplevelsesenteret Norsk Skieventyr. Morgedølane hadde lenge ynskt seg noko større og meir moderne enn det gamle Olav Bjaaland-museet. OL sette fart i alt, minnest Aslak. Trufaste landemerke som Sondre kro måtte vike for å gje plass til det nye trekkplasteret.
Dagen for sjølve fakkelfesten starta tidleg, eller rettare sagt midt i svarte novembernatta. Staden var Øverbø. Elden blei tent på gamalt vis ved å gni tre mot tre. Olav Bekken frå Romsdal hadde på førehand utkonkurrert andre i den gamle kunsten, og gnisten skulle tennast utandørs. Det tok si tid i den kalde natta, fortel Aslak. Ifylgje rykter var det Høgre-politikar og LOOC-kontakt Olemic Thommesen som til slutt utbraut: «Gi nå den mannen en fyrstikk!» Men eld på eldgamalt vis blei det, og flamma blei båre inn i husmannsstoga. Natta gjennom var det eldvake med æresvakter.
Også publikum kunne kjøpe faklar og ta med ned att til bygda. – Det stimla av folk. Det var som ein lang orm med faklar, opplyser Sigrid. Ho tok seg opp til Øverbø med frukost til vaktene tidleg neste morgon.
– Elevar frå ungdomsskulen i Kviteseid vokta varmen om natta. Det var kaldt ute, men veldig fint, minnest ho.
Pågang frå heile verda
Laurdag var det duka for stor folkefest i sentrum av Morgedal. Det blei rydda og brøyta fram eit stort antal parkeringsplassar på førehand. Så mange som 4000-5000 møtte opp, kunne ein lese i avisene etterpå. Det var skattejakt og aking, telemarkskøyring, gjøglarar og musikantar. Skikulturgruppa «Sondre Telemark» synte seg fram, og NRK sendte direkte. På talarlista under fakkelseremonien sto mellom anna OL-president Gerhard Heiberg og kulturminister Åse Kleveland. Den evige morgedalselden blei tent i steinvarden nedanfor Norsk Skieventyr, før kombinertløpar Knut Tore Apeland inntok seremoniplassen med tyrifakkelen.
Verda kom i sanning til Morgedal i denne perioden før OL på Lillehammer. Det var pågang frå journalistar frå den dagen det blei kunngjort at fakkelstafetten skulle starte her, opplyser Sigrid. Det kom mellom anna fleire japanske tv-selskap til bygda. Far min måtte stadig fylgje journalistar opp til Øverbø, fortel Sigrid. Berre akkrediteringslista frå fakkeltenningshelga i 1993 syner to A4-sider med pressefolk frå inn- og utland, frå superlokale Hjalarhornet til New York Times.
Norske tradisjonar og handverk fekk óg eit solid oppsving i kjølvatnet av OL-førebuingane, og telemarksbygdene hadde mykje å by på i så måte. «Norsk bygdekultur går på høygir om dagen. Det formelig tyter fram vadmelsbukser, hjemmestrikkede gensere og norskprodusert sportstøy i OL-regionen», kunne ein lese på kommentarplass i avisa Nationen.
Storpolitisk rabalder
Men ingen suksesshistorie utan skjær i sjøen, eller ufsedrag i låmene. Allereie i 1991 skreiv Telemarksavisa at «Sondre Norheims hjembygd er stedet der OL-ilden skal tennes i 1994! (…) Morgedal feier alle konkurrentene av banen». Erkerivalen var Trysil, som i Telemark blei skulda for prøve å stele omgrepet skisportens vugge. Men Morgedal trakk det lengste strået, akkurat som føre OL i Oslo i 1952 og Squaw Valley i 1960. Det oppsto vidare ein diskusjon om kor skisportens vogge eigentleg sto, men det var OL-elden som skapte mest rabalder.
- Det blei ei stor politisk sak, konstaterer Sigrid.
Det var på det reine at den internasjonale elden skulle tennast i Olympia i Hellas og førast til Noreg, men det var lov å tenne ein nasjonal eld parallelt med den internasjonale. Ideen om ein fakkelstafett frå Morgedal kom opprinneleg frå sørpolfararen Olav Bjaaland. Saka vart drøfta og vedteke alt i 1948. Då fakkelen frå Morgedal blei frakta land og strand rundt mange år seinare, i 1993-1994 (fleire enn 7000 nordmenn deltok i stafetten), steig misnøyen hjå greske styresmakter. Det utvikla seg til ein hissig debatt om elden som heilag symbol, og om retten til omgrepet OL-eld. På den eine sida sto morgedølane og deira landsmenn. På den andre sida sto grekerane.
Dåverande Kviteseid-ordførar Inge Fjalestad kjempa med nebb og klør på Morgedals side. Han var ikkje nøgd med kulturminister Åse Klevelands handtering av saka etter oppvaskmøtet mellom Kleveland og hennar greske kollega Melina Mercouri. Gerhard Heiberg, som støtta morgedølane og truga med å trekke seg, blei sett på som ein alliert. Det blei til slutt elden frå Olympia som lyste opp OL-arenaen på Lillehammer. Grekerane gjekk ikkje med på at dei to flammene skulle smelte saman. Men morgedalselden kom fram til OL-byen den óg. Den blei brukt til å tenne opp den gamle fakkelskåla frå Oslo-OL under ein enkel seremoni på Stampesletta, for så å kome attende og tenne elden under Paralympics 10. mars same år.
Enorm dugnadsånd
Startskotet for det heile, arrangementshelga i Morgedal, gjekk derimot over all forventning. Berre litt svikt i det lydtekniske, noterte Aslak i rapporten sin etterpå. Det var ikkje vanskeleg å få tak i arbeidsfolk til ein så stor dugnad – alle sa ja med ein gong, fortel han.
- Hadde de gjort dette om att, om de blei spurt om å førebu ei ny fakkeltenning?
- Ja, om me hadde vore på same alder som den gong, svarar Sigrid.
- Men me hadde ikkje fått med folk på same måten i dag, seier Aslak.
– Me var dessutan avhengige av å tigge til oss ting, opplyser han og nemner det lokale kraftlaget som la til rette for straum til både arenaen på ridebanen og Øverbø utan kostnader.
,Arrangementskomiteen fekk låne kommunikasjonsutstyr gratis, og elektrikarar utførte el-installasjon på ridebanen utan å ta betalt. Same dugnadsånd regjerte då dei bygde nytt grendehus. Alle var med, frå tømmeret blei hogd i skogen til dørene blei opna. – Den digitale verda øydela ikkje dagane våre den gongen, smiler Aslak.
- De sit att med minne for livet etter fakkelstafetten?
- Ja, kjære all verden, det er minne for livet, slår Sigrid fast.
På Norsk Skieventyr i Morgedal kan du lære meir om ski- og polarhistoria vår, og i 2024 vil museet markere 30-årsjubileet for Lillehammer-Ol med utstillinga «Soga om skisportens vogge», ei utstilling som går 140 år bakover i tid. Kinoen i museet er óg oppgradert, og skifilmen restaurert. Skimuseet har ope mellom 1. mai og 15. september, men tar imot grupper på bestilling heile året.
Skrevet av: Anne-Lise Surtevju, arkivbilder lånt av Sigrid Slettemeås