Høyrt om Nerid den gjerrige eller Ragnvald Heidumhære? Og kva slags tilknytning hadde Olav den heilage til våre trakter? Det gamle Telemark kan også vise til ein rik vikingarv.
Reisetips
Sjekk ut disse lenkene for flere tips om ferieturer: #DreamNowVisitLater
Interessa for vikingtida og den norrøne mytologien har blussa opp att dei seinare åra, ikkje minst gjennom populærkulturen. Hardbarka vikingar har inntatt tv-serier, filmar og bøker med stor kraft.
I vårt nye storfylke har Vestfold lenge vore kjend for sin frodige vikingarv, men innafor det som gjekk under navnet Telemark fylke finns det og betydelege arkeologiske funn frå vikingtida. Regionen har vore åstad for viktige sagaforteljingar, hevdar Anders Kvåle Rue, forfattar, illustratør og primus motor i vikinggruppa Olavs menn.
Sommaren 2019 inntok fire vikingskip Telemarkskanalen og slusene til publikums store begeistring. Den 27. juni i år skulle Olavs menn og Osebergskipet «Åsa» på ny ha segla opp Telemarksvassdraget for å handle til seg varer frå øvre delar av Telemark. På grunn av mykje uvisse knytt til korona-situasjonen, er den planlagte Vikingdagen på Kviteseid bygdetun utsett. Arrangørane satsar på å kome sterkare tilbake neste år.
«Åsa» skulle ha lagt til ved idylliske Kauphamar nedanfor gamle Kviteseid kyrkje. Namnet på denne naturhavna er i hovudsak knytt til aktivitetar som hende nokre hundre år seinare, men fyrst skal vi foreta ei tidsreise tilbake til vikingtida i det gamle Telemark: Gravhaugar, våpen, reiskap og smykke vitnar om eit område i blomstring og i levande kontakt med omverda. Dei fleste funn blei grave fram på 1800-talet, og havna på museum i Oslo. Men ein del er også blitt tatt vare på privat, påpeikar Anders Kvåle Rue i artikkelen «Telemarks rike vikingarv». Han meiner at vikingtida står i ein særstilling i Noregs historie. Det var då vi blei definert som nasjon og folk.
Det er viktig å rydde opp i nokre stadnamn før vi går vidare. Området som sagaskriftene omtalar som Telemark, er det som seinare gjekk under Øvre- og Vest-Telemark, minner han om. Midt-Telemark er Grenland i sagatradisjonen, medan Hovund og Vestmar, på kvar si side av Grenmar (Langesundsfjorden), tilsvarar dagens Nedre Telemark.
Vikingane inntok Telemarkskanalen i fjor, men årets vikingdag på Kviteseid bygdetun er avlyst. Målet er å kome enda sterkare tilbake neste sommar.
Vikingspelet under Vikingsveka på Telemarkskanalen
Noregs fyrste eksportartikkel kom fra Telemark
I vikingtida satsa dei på produksjon av jarn mange stader i Telemark, medan brynestein reknast som Noregs fyrste eksportartikkel. Heilt sidan 700-talet har det vore eksportert brynestein frå brota i den vesle bygda Eidsborg, rett ved stavkyrkja. Produksjonen heldt fram til 1952. Vest-Telemark museum fortel denne historia både innom- og utomhus.
Brynestein frå steinbrota i Eidsborg blei sendt vidare til heile Europa. Mange tonn med stein blei frakta ned til Bandak. Derifrå heldt transporten fram på vassdraget heilt til Skien. På garden Faret utanfor Skien blei brynesteinen lasta om. Folket der hadde mykje samkvem med utlandet, og dei blei sannsynlegvis kristna alt på slutten av 900-talet. Frå denne tida finst dei første kristne gravene.
«Brynesteinane frå Telemark kan identifiserast, og dei er funne i heile den nordeuropeiske vikingverda. Brynestein er eit allsidig produkt. I ein jernalderkultur som vikingtid var det avgjerande å ha brynereiskap i både krig og fred. Brynesteinen var også nyttig på det viset at den kunne nyttast som ballast i skipa. Og blei ein overfallen av sjørøvarar, var brynesteinen perfekt som kastevåpen. Brynesteinane vart frakta vassvegen, frå vikingtidas Telemark, via Grenland, ut til kysten, og ut i den store verda», melder Anders Kvåle Rue.
Det er vidare dokumentert at det var tingstad på Gvarv i vikingtida, og Grenland, det vil seie dagens Midt-Telemark, reknast for å ha vore eit maktområde i regionen. Eit rikt jordbruksland rundt Norsjø og skatteleggjing av brynesteins- og jerneksporten kan ha medverka til ein slik status.
Vikingane fra Telemark
Men kor mange vikingar kjenner vi frå Telemark? I Stavanger hadde dei Erling Skjalgsson, i Haugesund Harald Hårfagre, i Trondheim Lade-jarlane og i Oslo Harald Hardråde. I sagaskriftene kan ein finne ei rekkje namn frå vår region, ifylgje Kvåle Rue. Dei to tilfeldig valde øvst i artikkelen, Nerid den gjerrige og Ragnvald Heidumhære, var høvesvis jarl over Telemark og konge i Grenland, Upse og Vestmar.
Men skal vi tru det gamle historiske skriftet «Historia Norvegiæ», vaks heile tre kongsfødte «sagakjendisar» opp i og rådde over Grenland: Det var Hårfagre-ættlingane Bjørn Farmann, Gudrød Bjørnson og Harald Grenske. Harald Grenske - «Harald frå Grenland» - var far til Olav Haraldsson, betre kjend som Olav den heilage. Grenske blei drepen i Sverige i tida omkring Olavs fødsel. Sonen vaks opp hos sin stefar Sigurd Syr på Ringerike.
Vikingtun i Telemark
Tilbake i vår tid har Olavs menn reist eit vikingtun på Akkerhaugen. Her tar dei imot skuleklasser og ulike grupper. Det blir halde turar med vikingskipet «Åsa» og drive vikingaktivitetar på land.
Vikingtunet i Midt-Telemark ligg i nordenden av Norsjø der både brynestein, og truleg jarn, kom til Norsjø, på veg ut i verda. Planen er no å hente ein god stabel med brynestein frå Eidsborg, og stable opp på vikingtunet. Dette for å illustrere den gamle eksporttradisjonen. Også myrmalm-jarn frå Møsstrond ynskjer ein å få representert i vikingtunet, opplyser Kvåle Rue.
Skattleggjing av eksportvarer frå Telemark kan ha vore årsaken til at småkongar som Harald Grenske hadde sete her. Sagaverket «Flatøybok» fortel at Heilage Olav, Harald Grenskes son, vart fødd i dette området. Det er denne Olav’en, som har gjeve namn til vikinggruppa.
Neste gong Olavs menn kjem til Kauphamar for å formidle delar av den gamle vikingkulturen, blir Kviteseid bygdetun forvandla til ein yrande marknadsplass med aktivitetar for folk i alle aldrar.
Og nettopp handel var eit stikkord for den naturskjøne staden også i århundra etter vikingtida. Det er mykje historie knytt til vassdraget lenge før Telemarkskanalen blei bygd. Langs vassvegen finn ein fleire namn som er knytt til ferdsel og liv i tidlegare tider. Kauphamar ligg nær stranda ved Kviteseid gard og skriv seg frå perioden då hollendarane, som var fattige på eigen skog, drog opp til Kviteseid og handla tømmer direkte av skogeigarane. Hollendarodden er eit anna namn som stammar frå denne perioden.
Skien, den store havnebyen på 1500-tallet
På midten av 1500-talet vaks etterspørselen etter trelast til nye høgder. Særleg blei kontakten mellom Noreg og den leiande sjøfart- og handelsnasjonen Holland omfattande. I tillegg til skipsbyggjing hadde dei behov for tømmer til fundament under store bygningar. Det blir hevda at Amsterdam bokstaveleg talt er bygd på norsk tømmer.
Skien, som etterkvart blei ein ledande trelastby, blei og rekna som sjølve «Byen» for mange i øvre Telemark. Det vrimla av hollandske skipparar og tømmerkjøparar i Skien på 1500-talet. Some av dei nøgde seg med å handle trelast av fastbuande kjøpmenn, medan andre skaffa seg robåtar eller hestar, og reiste rundt i innlandet for å kjøpe tømmer direkte av bøndene. Det skriv mellom anna historikar og bygdebokforfattar Aanund Olsnes i «Kviteseid bygdesoge. Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1820».
Av Anne-Lise Surtevju, Vest-Telemark museum