I eit langvarig kjærleiksforhold til Telemark

Under ei reise til Hellas i 1958 besøkte ein aldrande Henrik Sørensen Apollotempelet i Delfi. Han skua utover det historiske landskapet. «Dette er jo som å stå på Ripilen og se nedover mot Bandak og Dalen», utbraut han.

Kunsthistorikar Svein Olaf Hoff kalla Telemark og Holmsbu for «de viktigste holdepunkter i Sørensens tilværelse». «Der står folk og naturen til min disposisjon», uttala kunstnaren sjølv i eit brev til ein svensk kollega. Her er Søren foreviga i atelieret sitt i Rådhuset i Oslo. Året er 1957, og han er 75 år gamal. 
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Kunsthistorikar Svein Olaf Hoff kalla Telemark og Holmsbu for «de viktigste holdepunkter i Sørensens tilværelse». «Der står folk og naturen til min disposisjon», uttala kunstnaren sjølv i eit brev til ein svensk kollega. Her er Søren foreviga i atelieret sitt i Rådhuset i Oslo. Året er 1957, og han er 75 år gamal. Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

Han hadde det i kjeften, Henrik Sørensen, men orda i Delfi seier noko om hans langvarige kjærleiksforhold til Telemark, og hans djupe fasinasjon for menneskeskjebnene og naturen han opplevde heime i Noreg.
«Sydens natur står stille og er skjønn og behagelig – vår er besettende og full av eventyr. Sydens er plastisk – vår er levende» uttala «Søren» ved eit anna høve.

Koplinga til Ripilen i Tokke skal me kome tilbake til, men først ei anna historie som blir fortalt om den renommerte, men òg omstridte kunstnaren.

Hærverk i Rauland

Ein dag i 1952 var Henrik Sørensen innom Vå pensjonat i Rauland saman med kollega Harald Kihle og kona hans Ingrid. Dei hadde stoppa for å ete middag denne sommardagen, og Søren blei sitjande ei stund og studere ein stor reklameplakat for «Manhattan cigaretter» som pryda brannmuren i kafeen.

Harald Kihle har skildra kunstnarvenen Søren medan han måla drapet på Storegut. Måleri frå 1954, Vinje biletgalleri.
Foto: Anne Gundersen
Harald Kihle har skildra kunstnarvenen Søren medan han måla drapet på Storegut. Måleri frå 1954, Vinje biletgalleri. Foto: Anne Gundersen

Reisetips

Sjekk ut disse lenkene og få flere tips til ferie til Vest-Telemark:

For mer inspirasjon sjekk ut: visittelemark.no

Plutseleg reiste han seg, gjekk resolutt bort og plukka biletet ned frå veggen, bar det ut og smadra plakaten med glas og ramme i grusen. Vel inne att peika han på den tomme veggen og sa høgtideleg:

«Der skal det henge et bilde av Myllarguten!» Sørensen understreka alvoret i lovnaden ved å teikne sitt eige monogram på muren.

Karismatisk og autoritær

Hendinga er beskrive i Arne Vinjes bok om Henrik Sørensen. Kunstnaren heldt det han lova, sjølv om det tok si tid. Før jol i 1953 kom Sørensens teikning av Myllaren til Vå pensjonat med påskrifta «Myllarguten – Telemarkens sjæl og gullharpe. Tegnet til værten og værtindens værtinde, fru og Alf Larsen, med tak og hilsen for tålmodig overbærenhet med voldsmanden Henrik Sørensen.»

Vinje biletgalleri Foto: Anne-Lise Surtevju
Vinje biletgalleri Foto: Anne-Lise Surtevju

Denne historia føyer seg inn i flaumen av anekdotar og legender om Sørensen. Han blei ofte omtala som ein karismatisk, underhaldande spilloppmakar, men han var òg ein temperamentsfull, autoritær og gesjeftig herre med høge moralske fordringar både til seg sjølv og andre.

«Henrik Sørensen blandet seg opp i absolutt alt», skriv sonen Sven Olof Sørensen i biografien om faren; «Søren. Henrik Sørensens liv og kunst». Å stikke nasen i andres saker kan skaffe ein fiendar, og det bryt ikkje så sjeldan mot eit bygdesamfunns skikk og bruk, men likevel: I Telemark rådde tilsynelatande idyllen mellom innbyggjarane og den mektige kunst- og kulturpersonlegdomen.

Då Arne Vinje intervjua folk om «Søren», var det ingen som kom med kritiske kommentarar, heiter det i boka hans.

Jon A Bleie Hardanger og Voss museum (2)
Jon A Bleie Hardanger og Voss museum (2)
Vinje biletgalleri har opent tirsdag til sundag i sommarsesongen, frå 25. juni til 15. august.
Foto: Anne Gundersen
Vinje biletgalleri har opent tirsdag til sundag i sommarsesongen, frå 25. juni til 15. august. Foto: Anne Gundersen

«Søren» som maktsentrum

Henrik Sørensen blei kjend med mange under sine opphald i det gamle Telemark. Han var involvert i fleire lokale prosjekt, som restaureringa av Vinje kyrkje og bygginga av Vinjar samfunnshus. Men kven var eigentleg denne høgreiste målaren som stadig vende tilbake, og som har fått eit heilt museum til ære for seg i Vest-Telemark?

Vinje biletgalleri blei reist som eit museum med måleri av Henrik Sørensen og kunstnarvenen Harald Kihle. Det ligg i Smørklepp ved inngangen til ville og vakre Støylsdalen, ikkje langt frå Mjonøy.

Henrik Sørensen hadde eit dominerande grep om norsk kulturliv gjennom eit halvt århundre. Det er blitt sagt at han styrte det meste av norsk kunst, og etter hans død i 1962 var det som om kunst-Noreg måtte ha pause frå «Søren».

Omgjeve av skog i granda Smørklepp i Vinje finn du eit særprega museum i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Her finst og kunstverk av Harald Kihle. Foto: Anne-Lise Surtevju
Omgjeve av skog i granda Smørklepp i Vinje finn du eit særprega museum i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Her finst og kunstverk av Harald Kihle. Foto: Anne-Lise Surtevju

I samband med opninga av ei stor retrospektiv utstilling i Kunstnernes hus i 1994, skreiv VG at «Han var hatet som pesten av dem som ikke fant hans nåde, og det gjaldt nesten hele etterkrigsgenerasjonen av bildende kunstnere. Men elsket, hyllet og dyrket av dem som slapp inn i hans stråleglans, og de var så avgjort i flertall. Det som nok likevel var grunnlaget for Sørensens unike posisjon, var at han så åpenbart hadde storting, styringsverk og rikets bestemmende krefter i sin hule hånd».

Kjell Aukrust hevda noko av det same. Han kom inn på Kunst- og handverksskulen allereie som 16-åring ved hjelp av eit anbefalingsbrev frå Sørensen som slutta med orda «Slipp ham inn!»
«Jeg vil nesten driste meg til å si at Sørensen bestemte alt i norsk kulturliv. Han hadde en reint kolossal bekjentskapskrets, han kjente hele byen og styrte det meste, fra selskapsliv til innkjøp av nasjonens kunst», sa Aukrust i eit intervju.

Sørensenstoga
Sørensenstoga

Inspirert i Paris

Som ung og lovande hadde Henrik Sørensen to studieopphald hos Henri Matisse i Paris, møter som blei forløysande for hans arbeid. Seinare - frå 1919 til 1927 - budde han, kona Gudrun og sonen i eit kosmopolitisk kunstnarmiljø i den franske hovudstaden, medan somrane blei tilbrakt i Holmsbu. Den store fornyinga i hans kunstnarskap kom i desse åra, skriv Sven Oluf Sørensen i boka si. Faren realiserer seg sjølv som kunstnar i Frankrike. Han målar samstundes landskap frå indre delar av heimlandet, i hovudsak frå Telemark. Store religiøse figurkomposisjonar som «Inferno» og «Pieta» blir òg til i denne perioden.

Fast gjest i mange år

Fyrste gong Sørensen kom til Telemark var i 1910. Ferda gjekk til Kviteseid. Sidan besøkte han fylket regelmessig. Han var ikkje den fyrste som kasta kunstnarblikket på denne delen av landet. Erik Werenskiold, Halfdan Egedius, Oluf Wold Torne med fleire hadde rydda grunnen.

Etter Paris-opphaldet farta Henrik Sørensen rundt i Telemark på jakt etter ein meir permanent stad å arbeide på. Ein augustkveld i 1927 ankom han Dalen med «Victoria», før han tok Haukeliruta vidare til Vinjesvingen og Smørklepp.

Henriks Sørensens kone Gudrun. Måleriet er å sjå i Vinje biletgalleri. 
Foto: Anne-Lise Surtevju
Henriks Sørensens kone Gudrun. Måleriet er å sjå i Vinje biletgalleri. Foto: Anne-Lise Surtevju

Han var blitt 45 år gamal, og ein godt etablert kunstnar. I Vinje møtte han gardbrukaren Olav Nergarden frå Smørklepp. Sørensen fekk losji på garden hans, og fortsatte å losjere der i 35 år, heilt til hans siste haust i 1961. I dette nabolaget fann han eit av sine yndlingsmotiv: Ånondskarnuten. Han kunne peike på den og seie: «Den nuten der var det som gjorde at jeg slo meg ned her».

Som det sosiale dyret han var, tok det ikkje lang tid før han hadde oppnådd nær kontakt med omtrent samtlege som budde i Smørklepp.

Vinje-lensmann Knut Nordstoga skreiv i nekrologen over «Søren» at han var mykje ute blant folk, og kontakten kom lett. Han leita helst opp dei eldre, originale, som hadde minst ein fot i den gamle tida. Det var aldri snakk om å isolere seg kun for å måle. Han var «et uavbrutt registrerende og reflekterende menneske», for å bruke Sven Olufs ord.

«Min brud og mitt hjerte!»

Sjølv om han levde heile sitt vaksne liv i storbyar, var han trufast mot Holmsbu om somrane, medan Telemark, det var det forjetta landet. «Telemark er som Paris. Hver kvadratmeter har sin historie», sa han. I 1951 leste han opp eit hyllestdikt med den lett svulstige tittelen «Underbare Telemark! Min brud og mitt hjerte!» Det skjedde under avdukinga av minnesmerket over Magnus Brostrup Landstad i Seljord. Anne Grimdalen var kunstnaren bak minnesteinen.

«Frå Kviteseid», måleri ca. 1910. Henrik Sørensen oppdaga Telemark mange år før han fekk ein fast tilhaldsstad i Vinje. 
Foto: Privat
«Frå Kviteseid», måleri ca. 1910. Henrik Sørensen oppdaga Telemark mange år før han fekk ein fast tilhaldsstad i Vinje. Foto: Privat

Det er blitt sagt at Henrik Sørensen hadde ei evne til å skape liv rundt seg som var forbløffande, men han hadde også eit stort hjarte. Heilt sidan han som gutunge gav bort støvlane til ein fattig og gjekk heim på sokkelesten, ivra han etter å hjelpe andre. Denne eigenskapen blei òg tydeleg for folk i Telemark. Han hjalp til med marknadsføring og sal av lokal husflid og handverk i ei mager mellomkrigstid, og gav pengar og anna form for bistand til dei han møtte og som trengte ei handsrekning.

«De ganger jeg har vært døden meget nær, har vært i hans selskap»
Hans omgang med sanninga derimot, kunne til tider vere elastisk.

– Å fortelle sannheten kan enhver idiot. Men å ljuge sammen en historie så den er verdt å høre på, det er kunst! skal han ha sagt.

Fylgjande historie er kanskje sann sidan den er formidla av fleire enn «Søren». Den viser hans side som spilloppmakar. Arkitekt Arnstein Arneberg, som mellom anna er kjend for Oslo rådhus og Vikingskiphuset på Bygdøy, har skildra ei vill bilferd i Telemark. Saman med Sørensen og målaren Hugo Lous Mohr (far til arkitekt Bjart Mohr) køyrde dei ned Eidsborgkleivane til Dalen fordi Sørensen meinte at det var ein lur snarveg: «De ganger jeg har vært døden meget nær, har vært i hans selskap. Han elsker å bile, aller helst på steder intet menneske har satt sin fot», minnest Arneberg.

Eidsborgkleivane blir vidare beskrive som «en bred sti, eller karjolvei, med uhyggelige svinger og dype stup. Her hadde han kjørt mange ganger, efter eget sigende, og mente at vi ville spare ca. 4 mils vei. Øverst så det ikke verst ut, men da det bar nedover, ble det brattere og brattere, ikke til å komme rundt svingene. Bilen skle som en kjelke over rullestenene, vi hørte brak av stabbestenene som reiste utover. Til slutt måtte bilen stanse mot fjellveggen. Søren og Hugo Mohr hadde måttet kaste seg av i farten. De kom omsider efter og ved hjelp av et langt tau og disse to personer som bremser kom vi omsider til Dalen, som de første som hadde kjørt denne strekningen med bil.

Noen dager efter fikk han lensmann Mandt til å ilegge meg mulkt for uforsiktig kjøring». («Julehelg», 1956, Dreyer).

I Vinje biletgalleri kan ein oppleve sentrale måleri av Henrik Sørensen, samstundes som ein kan sjå ut på naturen der han henta mykje av sin inspirasjon. Foto: Anne-Lise Surtevju
I Vinje biletgalleri kan ein oppleve sentrale måleri av Henrik Sørensen, samstundes som ein kan sjå ut på naturen der han henta mykje av sin inspirasjon. Foto: Anne-Lise Surtevju

Det var Søren som fabrikerte bota på 15 kroner til den kjende arkitekten, som på si side tok hemn ved å lage ei falsk farskapssaksinnkalling til «Søren» og sende brevet i åpen konvolutt til Holmsbu. Slikt kan det lett oppstå rykte av.

Motsetnader

Sørensens sans for det folkelege, og for særeigne skjebnar, hadde han med seg frå barndommens Värmland og oppveksten i Lillestrøm der han kom folk tett innpå livet («Man bør ha vokst opp i en småby», som han sa). I vaksen alder omga «Søren» seg med alt frå kongelege via politikarar til kjende namn frå datidas kulturelite. Bustaden i Oslo var full av antikvitetar, 1600- og 1700-tals fajanse og bøkar. Stemninga var meir europeisk enn norsk, men i Vinje kunne han bli lyrisk ved synet av ein gamal raud stakk eller ei sprukken grisekupe. Han kjempa mot det smaklause, men fann ofte det vakre i gamle bruksgjenstandar.

Sett gjennom kunsthistoriske briller, og som Sven Oluf Sørensen også skriv i biografien, kom Henrik Sørensen heim frå produktive år i Frankrike, men dei internasjonale referansane blei svekka og det norske og nasjonale tok meir over i 1930-åra. I tillegg fekk han ein stadig sterkare maktposisjon i norsk kulturliv. Det kan i sum ha leia til ein meir ujamn kunstproduksjon reint kvalitetsmessig.

 

Ripilen Foto Ola Midjås
Ripilen Foto Ola Midjås

Let seg fortrylle på ny

Mot slutten av livet blei han på ny inspirert av Telemark, nærare bestemt av «Draumkvedet», dette særeigne visjonsdiktet frå europeisk middelalderlitteratur. Sørensen var mellom anna oppteken av livet til ein av kvederane av diktet, Torbjørg Gunnarsdotter Ripilen, og traktene ho budde og vanka i, som den aude heigarden Ripilen og støylsdalen Botnedalen.

I 1953 kjøpte Henrik Sørensen to små tømmerhus frå Mo prestegard. Dei fekk han sett saman til ei hytte på Kyddingmo under Ånondskarnuten. Torbjørg Ripilen, som kvad «Draumkvedet» for folkeminnegranskarane Sophus Bugge og Moltke Moe, hadde ofte vore på Mo prestegard og hjelpt til. Henrik Sørensen klarte til og med å forhandle til seg den enkle mjølkekrakken som Torbjørg ofte bar med seg når ho skulle stelle kyrne. Den er eit av klenodia i Vinje biletgalleri, i dag ein del av Vest-Telemark museum. Rett ved galleriet står òg hytta han skaffa seg. Den er no i ferd med å bli rusta opp innvendig.

«Draumkvedet» appellerte til Sørens innadvendte side. Han reagerte etterkvart mot mykje av det teknifiserte og moderne. Han lengta til «et arkadisk og pastoralt landskap», ifylgje sonen, og dette fann han på Ripilen og i Botnedalen. I 1954 tok Sørensen og Kihle initiativ til ein minnestein over Torbjørg Ripilen. I 1956 blei minnesmerket avduka ved Mo kyrkje.

Henrik Sørensen døydde 24. februar 1962. Sven Oluf Sørensen oppretta to galleri der farens kunst er gjort tilgjengeleg for alle: I 1973 opna Holmsbu billedgalleri, og i 1991 Vinje biletgalleri i Smørklepp, begge med Bjart Faye Mohr som arkitekt.

Tekst: Anne-Lise Surtevju, Vest-Telemark Museum 

Hovudkjelder:
" Søren, Henrik Sørensens liv og kunst" av Sven Oluf Sørensen.
"Søren, Henrik Sørensen. Et portrett" av Arne Vinje. 

Historie