Kven var "Juvekongen"?

Han blei ikkje fødd med sølvskei i munnen, men Olav Halvorsson Juve var så driftig i livet at han meir enn 180 år etter sin død går under namnet «Juvekongen».

Olav Halvorsson Juve jobba seg opp frå enkle kår. Illustrasjon: Adolph Tiedemand / Nordicimage.com
Olav Halvorsson Juve jobba seg opp frå enkle kår. Illustrasjon: Adolph Tiedemand / Nordicimage.com

Jobbet seg opp fra enkle kår til Juvekongen

Han var ikkje konge i ordets rette forstand. Reiser me til bygda Øyfjell i Vinje og skrur tida tilbake til siste halvdel av 1700-talet og fyrste halvdel av 1800-talet, treff me derimot på ein storkar. Så kor kom denne «kongetittelen» frå?

Olav Halvorsson Juve sette avtrykk etter seg, ikkje berre fysisk gjennom den gedigne steinportalen ved garden Juve eller dei to høgreiste gravstøttene han fekk utforma til seg og kona innan dei døydde. Då han skulle å innreie eit av familiens hus, leigde han ein av dei beste snikkarane og rosemålarane han visste om. Resultatet kan studerast den dag i dag – i ei freda stoge på Vest-Telemark museum Eidsborg.

Kona til «Juvekongen» var Bergit Jakobsdotter. Ho var av tradisjonsrik Øyfjell-slekt. Illustrasjonsfoto: Yngve Ask/Scanout
Kona til «Juvekongen» var Bergit Jakobsdotter. Ho var av tradisjonsrik Øyfjell-slekt. Illustrasjonsfoto: Yngve Ask/ScanoutVest Telemark Museum

Det er nesten litt rart at det ikkje finst eit måleri av Juvekongen, eller Øyfjellkongen som han òg blei kalla. Han er beskrive som ein mann som var oppteken av sitt ettermæle. Olav Halvorsson Juve slo seg opp innan jordbruk og handel. For oss som les om han i dag står han fram som arbeidssam, frampå, smart - og heldig.

Om han ikkje var Oskeladden som fekk prinsessa og halve kongeriket, så blei Olav godt gift, og derifrå jobba han seg opp til å bli ein mektig mann i bygda. Nesten ein lokal konge. Kona var Bergit Jakobsdotter som var av tradisjonsrik Øyfjell-slekt. Ho hadde arverett til to gardar, Volhovd og Juve, og ein husmannsplass.

Det er ikkje urimeleg å tenkje at det òg låg misunning og det me i dag kallar jantelov bak den uformelle kongetittelen han fekk klistra på seg. På det meste eigde familien fem gardar. Og «Juvekongen» budde i ei lita bygd, men var ikkje redd for å byggje monument over seg sjølv. Han fekk til dømes ettermælet sitt bokstaveleg talt hamra i ein steinport pryda med fem vers. «Hædersman» er eit av orda som ubeskjedent er brukt der. Det eine verset som er rissa inn går slik:

Her ses kunst og flid
som alle prise maa,
hans minde vare vil
saa lenge porten sta

Juvestoga interiør
Juvestoga interiør

Pussa opp i stor stil

På Uppistog Vindlaus, garden som er kjerna i friluftsmuseet til Vest-Telemark museum Eidsborg, er Juvestoga eit viktig bygg. Huset, som opphavleg sto på Juve i Øyfjell, var forfallent då det blei flytt til Eidsborg og restaurert tidleg på 1950-talet.

Den gamle stogebygningen til «Juvekongen» og hans familie er kanskje anonym å sjå til frå utsida, men går du inn blir du møtt av gjevt snikkararbeid og rikt dekorerte møblar og veggar. Olav Halvorsson Juve og hans Bergit må utvilsamt ha likt å gjere det flott og stasleg rundt seg, og skape noko som ville vare i generasjonar. Olav fekk handverkaren og rosemålaren Olav Torjusson frå Åmotsdal til å innreie stoga på Juve etter at den vart påbygd og oppgradert. I dag kan dei som har midlar til det kjøpe kunst og handle kvalitetsmøblar i butikk, men den gongen gav det nok status å leige inn ein kar som Torjusson.

Olav fekk handverkaren og rosemålaren Olav Torjusson frå Åmotsdal til å innreie stoga på Juve. Foto: Arne Aas
Olav fekk handverkaren og rosemålaren Olav Torjusson frå Åmotsdal til å innreie stoga på Juve. Foto: Arne Aas
Dekoren i «det blå rommet» er blitt tolka symbolsk etter det gamle stendersamfunnet. Foto: Yngve Ask/Scanout
Dekoren i «det blå rommet» er blitt tolka symbolsk etter det gamle stendersamfunnet. Foto: Yngve Ask/ScanoutVest Telemark Museum

Daglegstoga på Juve var opphavleg ei gamal årestoge. Ved sida av den sette Olav opp eit nytt bygg, med ein gang imellom. Når ein kjem inn i gangen, har ein daglegstoga på høgre hand, og finstoga på venstre hand. Frå daglegstoga er det inngang til i ein kove. Interiøret i Juvestoga er datert 1799, og snikkar- og målararbeidet er i ettertid rekna som eit av Torjussons beste verk. Medan snikkararbeidet og skurden er meir påkosta i daglegstoga, er det fargane og dekoren, med figurmåleri og blømande bladrankar, som er det mest slåande i finstoga. Blomemønsteret på veggen ved hovudenden av senga skal vere frå brureforkledet til «Sjov-Bergit».

Dekoren i «det blå rommet» er blitt tolka symbolsk etter det gamle stendersamfunnet. Til kvar vegg høyrer det ein stand; kortveggen med presten syner 1. standen, kyrkjas representantar, langveggen har ein herre til hest – dei som beskyttar med vapenmakt (i praksis besto denne standen av aristokrati og riddarstand), medan framskåpet ved sida av døra syner 3. standen – allmuen med borgarskapet og bonden.

Den gamle stogebygningen til «Juvekongen» og familien hans er anonym å sjå til frå utsida. Foto: Vest-Telemark museum
Den gamle stogebygningen til «Juvekongen» og familien hans er anonym å sjå til frå utsida. Foto: Vest-Telemark museum

Prisa for godt arbeid

«Juvekongen» kom sjølv frå enkle kår. Slekta var frå Åmotsdal og Flatdal, og Olav blei døypt i Åmotsdal kyrkje tredje påskedag i 1753, under namnet Olav Halvorsson. Familien flytte mest sannsynleg til Øyfjell året etter. Som vaksen tok han over og blei eineeigar av familiegarden. Han var 34 år gamal då han gifta seg med Bergit Jakobsdotter. Paret fekk seks born, og i tillegg til gardane ho arvar, kjøper dei tre til: Bergestig, Røyndal og Lid. Olav Halvorsson tar namnet Juve etter garden dei overtok i 1791. Den var nedsliten, men blei rusta opp under Olav og Bergits tid.

Olav blei med åra ein dyktig handelsmann, husbyggar og prisbelønt jordbrukar. Han handla med tømmer og kyr, braut opp stein og dyrka jord. I 1805 fekk han ein stor pokal frå Bratsberg Amts oeconomiske Oppmuntringsselskab for arbeidet med jorda. Ein av premiane, eit sylvstaup, finst i dag på Øyfjell bygdemuseum.

«Juvekongen» handla med tømmer og kyr, braut opp stein og dyrka jord. Illustrasjonsfoto: Anne-Lise Surtevju
«Juvekongen» handla med tømmer og kyr, braut opp stein og dyrka jord. Illustrasjonsfoto: Anne-Lise Surtevju

Eit ustabilt pengevesen under Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, ga bøndar og borgarar lov til å ste ut sedlar for så mykje dei eigde. Også «Juvekongen» byrja å skrive ut sine eigne pengar. Det vert fortalt at «pengane» hans kom så langt som til Austlandet.

Juvekongen og dei seks Bergit-ane

Kona Bergit må òg ha vore flittig og hatt ein god estetisk sans, akkurat som husbonden. Blant etterkomarane finst det mykje gamal stas etter Bergit og døtrane; alt frå utsauma brureklede til utskorne krus og sølvgjenstandar. «Alt vitnar om god handferd, og ein blømande bygdekultur» skriv Tarjei Førstøyl i den vesle boka om «Juvekongen».

Det blei etterkvart fleire munnar å mette i familien, og namna til «kongens» ungar er ei historie i seg sjølv. Kona til «Juvekongen» heitte som sagt Bergit, og det gjorde mor hennar òg. I tillegg hadde mor til «Juvekongen» Bergit til fornamn. Olav og Bergit fekk fyrst ei dotter. Det skjedde medan dei budde på Volhovd, og etter gamal skikk fekk ho namn etter farmora, Bergit Sveinsdotter. Barn nummer to kom etter at dei flytte til Juve. Det var òg ei jente, som etter tradisjonen skulle ha namn etter mormor, og dermed fekk familien enda ei Bergit å halde styr på. Sidan mormora òg budde i Juvestoga vart det fire Bergit-ar under same tak. Mormor Bergit Åsvaldsdotter vart truleg kalla for «Gamle-Bergit», og barnas mor «Sjov-Bergit». For å skilje dei to døtrene frå kvarande vart dei kalla for «Stor-Bergit» og «Vesle-Bergit».

Det blei etterkvart mange i familien med namnet Bergit. Foto: Yngve Ask/Scanout
Det blei etterkvart mange i familien med namnet Bergit. Foto: Yngve Ask/ScanoutVest Telemark Museum

Paret fekk ei jente og to gutar til, Ragnhild, Jacob og Halvor. I 1800 kom det siste barnet, ei dotter. Minstejenta blei fødd då «Juvekongen» var ute på ei av reisene sine, men nyfødde måtte døypast så fort som råd var. Spebarnsdødelegheita var stor på den tida, og døydde barna før dåpen, havna dei i helvete som heidningar. Olav var bortreist og kona låg til sengs etter fødselen, så den yngste vart send til kyrkje med nokre tenestejenter. Før dei reiste, gløymde dei å spørje etter namnet til jentungen. Då presten spurde kom dei ikkje på noko anna enn… Bergit!

Slik vart det fem stykk Bergit i Juvestoga, og seks om ein tel med Olavs mor. «Juvekongen og dei seks Bergit-ane». Det høyrest ut som tittelen på eit folkeeventyr. Då Juvekongen kom heim og høyrde om utfallet av den siste dåpen vart han truleg litt oppgjeven. «Men det var no sjaville au det», sa han seinare når dei prata om dette. Dermed vart yngstejenta kalla for «Sjavils-Bergit» - «Unødvendig-Bergit».

Kjøpte «kongens» hus for 28 000 kroner

Juvekongen var ein opplyst mann, og han leigde inn ein god huslærar for barna sine. På det meste budde det 12-13 personar i Juvestoga, med familiemedlemmar og tenestefolk. Etterkvart som ungane voks til, delte «kongen» gardane mellom dei.

På det meste budde det 12-13 personar i Juvestoga. Foto: Yngve Ask/Scanout
På det meste budde det 12-13 personar i Juvestoga. Foto: Yngve Ask/ScanoutVest Telemark Museum

Å drive med handel i ei tid der det sjeldan blei skrive kontrakt, førte «Juvekongen» til retten fleire gonger, men trass i maktposisjonen er det lite konfliktar i spora etter han. Ein kan lese ord som «glup» og med «venleiksans» i soga om storbonden og handelskaren. «Han kunne vera hard som fjøll mot dei som var late, men snill med dei som arbeidde og var flinke», har dotterdotter hans, Mari Kyrkjebø fortalt, ifylgje soga om «Juvekongen», ført i pennen av Tarjei Førstøyl.

«Juvekongen» blei ein gamal mann. Han døydde i 1840, 87 år gamal. Kona Bergit døydde eitt år tidlegare, 74 år gamal. Før dei gjekk ut av tida hadde «Juvekongen» fått hogge til gravsteinar for seg og Bergit. Namn og inskripsjonar var ferdige, berre dødsdatoane mangla. Dei to steinane står side om side ved Øyfjell kyrkje.

På det meste eigde familien fem gardar. Foto: Anne-Lise Surtevju
På det meste eigde familien fem gardar. Foto: Anne-Lise Surtevju

I verket «Rosemaaling i Telemark» skriv rosemålaren og kunsthistorikaren Øystein Vesaas at det skulle vere moro om Juvestoga blei tatt vare på som eit minne om Olav Torjusson og «Juvekongen». Og slik vart det.

I 1950 kjøpte Eivind og Hæge Tveiten, grunnleggjarane av Lårdal bygdemuseum (seinare Vest-Telemark museum) garden som no er ein del av bygdetunet ved museet i Eidsborg. Året etter fekk Tveiten kjøpe Juvestoga for 28 000 kroner. Stoga var forfallen, og flytting og oppsetting kom på 14 000 kroner. Bjørn og Olav Kleppo, saman med Olav Lie, sto for arbeidet med å ta ned og setje stoga opp att i forsvarleg stand. Ikkje mange hadde ei rikt dekorert finstoge til stasbruk, men daglegstoga til Juvekongen og møbleringa der inne syner godt korleis livet arta seg på ein gard kring år 1800.

PS: Olav Halvorsson Juve var oldefar til Olav og Tarjei Trovatn, brørne som gjennom store testamentariske gåver gjorde det mogleg å bygge Øyfjell bygdemuseum, eit av musea under stiftinga Vest-Telemark museum.

Anne-Lise Surtevju, Vest-Telemark museum
Hovudkjelde: «Juvekongen. Olav Halvorsson Juve frå Øyfjell» av Tarjei Førstøyl, utgjeve av Støttelaget for Øyfjell bygdemuseum (1993).

 

Historie