Telemarkingen som dro til Sydpolen

Olav Bjaaland var skiløpar og skimakar frå Morgedal. Han vann kongepokal i 1902, og 14. desember 1911 var Olav saman med Roald Amundsen og resten av den norske ekspedisjonen, dei fyrste som nådde Sørpolen.

Olav Bjaaland
Olav Bjaaland

Olav Bjaaland (5. mars 1873 – 8. juni 1961) var født på Suigard Bjåland i Morgedal. Han var ein ivrig skiløpar og lærte både av Sondre Norheim og Hemmestveit-brørne. Olav var jamleg ute i skibakkane, og furuskia dei bruka på den tida, knakk ofte i den ville leiken. Far hans var lei av stadig å lage ski, så Olav måtte raskt lære seg å lage sine eigne ski. Lite visste Olav at dette arbeidet skulle føre til større oppgåver.

Les også Telemarkskiens spenstige reise fra 1850 til i dag

Seier og ny bekjentskap i Chamonix

Olav konkurrerte rundt omkring i Telemark, og han var blant dei beste både i langrenn og hopp. I 1902 vann han kongepokalen i jubileumsrennet i Holmenkollen, nøyaktig 10 år etter ein annan morgedøl, Svein Sollid. I 1909 reiste Olav Bjaaland til Chamonix i Frankrike som deltakar i eit stort internasjonalt renn. Han starta som siste mann med startnummer 92, tok att tre andre nordmenn og 88 andre løparar og vann det 18 km langrennet. Denne turen blei òg starten på sørpolekspedisjonen for Olav. På reisa til Frankrike møtte dei norske utøvarane Roald Amundsen. Det var då kjent at Amundsen planla ein ekspedisjon til Nordpolen med skuta Fram.

Olav Bjaaland lagar slede
Olav Bjaaland lagar slede

Under middagen på ein restaurant i Lübeck med Amundsen som vert seier Bjaaland:

”Det skulde ha vore moro å vera med til Nordpolen. Jaså, svara Amundsen. Meiner du det, så kan det nok bli råd med det. Då kan du berre koma innom meg i Oslo når du kjem att frå Chamonix. Men tenk deg vel om, det blir ikkje berre moro!”

Tilbake i Noreg skreiv Bjaaland under kontrakten som seier:

”Ekspeditionens formaal er at undersøke den hittil ukjendte egn rundt Nordpolen efter lederens nærmere bestemmelser”.

Båtar og hundar
Båtar og hundar
De fem som gikk til Sydpolen ved ankomsten til Hobart Tasmania mars 1912
De fem som gikk til Sydpolen ved ankomsten til Hobart Tasmania mars 1912

Sørpolen - ei ferd som ingen visste når dei skulle koma tilbake frå

14. januar 1911 seglar skuta inn i Hvalbukta og legg til ved iskanten. Neste etappe er å førebu ekspedisjonen, og ikkje minst få på plass depot langs ruta med mat og utstyr før mørketida kjem. Olav Bjaaland er aktivt med i dette arbeidet med å køyre ut mat og utstyr til depota. Dagane blir kortare, og han arbeider no i verkstaden som vart graven ut nede i snoen. Oppgåva hans blir å gjera sledar og ski lettare og betre.

Roald Amundsen, Oscar Wisting, Helmer Hansen, Sverre Hassel og Olav Bjaaland var dei fem som 20. oktober starta frå Framheim mot sørpolpunktet. Med fire sledar og 13 hundar framfor kvar slede la dei ut på ei ferd som ingen visste når dei skulle koma tilbake frå.

Norsk Skieventyr museum i Morgedal
Norsk Skieventyr museum i Morgedal

Olav var «speidar» til Sydpoleventyret

Etter to dagar opplevde Bjaaland det store marerittet, sleden forsvann ned i ein bresprekk. Bjaaland og hundane greidde å halde på sleden til dei andre kunne koma til med ei line som kunne sikre sleden. Etter dette endra Amundsen taktikk, Bjaaland vart no «speidar» som skulle gå først og finne trygge vegar å gå.

18. november hadde dei kome til fjellpartia og starta oppstiginga mot Sørpolplatået. Her fekk Bjaaland verkeleg vist kor god han var på ski. Han fór opp og ned for å vise dei andre ein trygg veg, ofte måtte dei fare med berre ein slede om gongen. I dette fjellområdet finn ein i dag nutar som har namn etter dei som deltok i ekspedisjonen.

Til slutt var dei ferdige med fjellpartiet, og 14. desember nådde dei polpunktet. Gleda var stor, dei hadde ikkje vore sikre på om Scott hadde kome før dei. For å vera sikre på at dei hadde nådd 90 grader sør, blei dei neste dagane bruka til å krysse området for å ta fleire målingar.

Olav og hundane.
Olav og hundane.

Olav Bjaaland overraska alle om kvelden, han heldt ei flott tale og fann fram sigarar som han hadde gøymt til dette høvet. Turen tilbake gjekk raskt, dei hadde kvitta seg med mykje av utstyret og mange av hundane. Vegen tilbake fann dei greitt, dei hadde vore nøye med å merke ruta. Etter 99 dagar i Antarktis kom dei tilbake til Framheim 26. januar 1912 kl. 4 om morgonen. Slitne, men sikre på at dei var dei fem fyrste som nådde sørpolpunktet.

Heime att

Etter heimkomsten etablerte Bjaaland ein skifabrikk i Kviteseid. Han gifta seg med Åsne Djuve og dei flytte til barndomsheimen hennar, Djuve i Dalane. I 1916 selde han skifabrikken til broren Saamund, kjøpte fabrikken attende i 1926 og selde han så til apotekar Feilberg i 1933. Olav og Åsne var no attende på Djuve og blei verande her resten av livet.

Framfor dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952 fekk Bjaaland æra av å tenne den olympiske elden i stoga til Sondre Norheim heime i Morgedal.

Fakkeltenning 1952 -OlavBjaaland til venstre
Fakkeltenning 1952 -OlavBjaaland til venstre

Opplev skihistoria i  skisportens vugge

Den beste staden for å oppleve skihistoria er på Norsk Sieventyr i Morgedal - skisportens vugge. Her får man glimt frå Morgedal i 1850-åra, generell skihistorie og historia om Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.

Til slutt, i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Historie