Tur til Skien i 1912

For 100 år sidan var det andre forhold når ein skulle på skirenn. Avstanden var ikkje så lang som til Beijing, men turen kunne vera vel så strevsom og ta mange timar. Det vart heller ikkje mykje tid for å kvile før renna starta.

Skigutar frå Morgedal Foto: Norsk Skieventyr
Skigutar frå Morgedal Foto: Norsk Skieventyr

Tur til Skien i 1912

Eg hadde nettupp fenge skulearbeid i Høydalsmo. Var på Fjødde (gard på heia mellom Morgedal og Høydalsmo) nokre vikur. So las eg ei lysing i Skiensbladi onsdag kveld om Odd’s landsrenn. Eg fekk hug på å melde meg inn, - fann so ski og strauk til Ofte for å låne telefon. Frå Fjødde til Ofte er det ca. 12 km ein veg. Det blei soleis ein kveldstur på 24 km.

Torsdag heldt eg skule, og om kvelden reiste eg heim til Morgedal og skulle stelle meg i stand til å fylgje båten til Skien fredagsmorgon. Dei andre som skulle vera med i spranget laurdag, hadde reist torsdagsmorgonen fyri eg kom heim. Men Lars Berge og Johans Hauge skulle bare hoppe 2. kl. – so dei fekk eg fylgje med.

På veg mot Spjotsodd Foto : Kviteseid historielag
På veg mot Spjotsodd Foto : Kviteseid historielag

Kanalbåten som aldri kom

Og fredag var det fælt kaldt, 23-24 grader. Me reiste heimantil tidlig fredagsmorgon klokka halv seks. Kom til Spjotsodd halv åtte tenkjer eg – og venta so på båtar frå Dalen. Men ingen båt kom. Klokka blei både 9 og 10. Det var rimeleg at han låg isfast på Bandak ein stad.

Men me 3 karane skulle til Skien likevel og so blei me forlikte om å prøve isan utigjennom. Båten hadde gjenge upp kvelden fyri, so det var nok ikkje trygt. Men me våga på det. Me stava oss yver båtråki ut for Spjotsodd brygga og ho bar då.

Me hadde hoppski alle. Eg skulle nok springe i Skien dagen etter, men eg hadde ikkje springski med. Det var tanken å låne hoppskii av Lars Berge til det, dei var fjotare (betre gli) og lettare.

Les mer om Telemarkskanalen

MS Victoria i vinterrute
MS Victoria i vinterrute
Telemarkskanalen
Telemarkskanalen

Ei farefull ferd på usikker is

Piggane i stavane våre var nuve (ikkje kvasse). Me måtte upp i Lindestadgrenni og kvesse dei. Då me kom upp til ein av gardane, spurde me om lov til å låne slipesteinen. Det fekk me. Ein trødde og ein slipa. Eg trur det var Lars som slipa, og han er ein bjørn so sterk. Han la seg på, og la piggen godt nedpå steinen. Og eg skal seia han slipa. Piggane blei kvasse, men steinen hadde fenge djupe forer i banen, so han måtte nok slitast og sirklast skulle det bli brukeleg stein av den att. Me strauk beinast avstad då me var ferdige, og so blei det pigging ut isen til Fjågesund.

I Bergstod var me inne og fekk kon (oss) mat. Men då folki høyrde at me esla (prøve) kon ut Flåvatnet au, rådde dei ifrå. Der var spelegt (farligt) enno – åthol (ope vatn) og slikt. Men det fekk ikkje hjelpe. Me skulle til Skien me, og det kunne ikkje utsetjast.

Det gjekk bra ein tur til me hadde kome godt og vel forbi Kilen, ut på sjave Flåvatn. Johans Hauge stava seg fyri. Men hoss det var eller ikkje, me såg at Johans skrådde yver båtråki, og at han med ein gong kasta seg ned og tok til å krabbe attende liksom. So svinga han med staven inn mot land på vestsida. Me svinga inn etter han. Lars fyri med sterke armtak. Eg var ca. 25 m. etter, tenkjer eg. So blei eg var (oppmerksom) på at Lars svingar endå meir til lands og fiktar med armen at eg bør gjera det same. Eg so gjer.

Då eg kom etter, fortel han meg at isen heldt på å svikte under han. Han var ikkje tykkare enn at piggen på staven gjekk igjenom, og vatnet taut upp (kom opp) til kvart stavtak. Me stavar so inn mot land til Johans kjem, og han kan då fortelje at han nære på hadde gjenge til botnen. Då han skulle over båtråki, va det brått vatn rundt ikring han. Det var eit isflak i råki han hadde stava seg inn på. So kasta han seg ned og prøva uka og krabbe seg tilbakars, som og lukkast.

Les også historien om Telemarkingen som dro til Sydpolen

isbryter - antakelig over Norsjø side 15 røyk

Eit iskaldt bad

Ja, no hadde me fenge eit varsku um at Flåvatn ikkje var til å lite på. Me heldt kon (oss) innved land ei stund og tok det meir med ro. Men ved ytste enden av Flåvatn er det hoggbratt på sidune, isen blei veikare, det såg me. Me tenkte so smått på å koma i land og krabbe kon (oss) ut til Strengen i ufsine der. Men det var ikkje byleg (enkelt) å koma fram der heller, så me fekk trøyste oss til isen i lengste laget, og heldt so på ei stund til.

Med same Johans skulle svinge rundt ein odde gådde (merka) me ikkje at før han gjekk nedi alt til hòko (haka). Skii skjende under isen og drog han med. Det såg stygt ut. Men Lars var til all lykke like innved og fekk rette han staven. Eg rette so staven min til Lars att, og kom då so nær inntil land at eg fekk tak i kvistane på ei bjørk med den andre håndi. Der låg me no på håliskanten med ski på og drog på Johans, som blei tung og vasstrukken, og på sett og vis ville til botnen andre gongen. Etter mykje strev fekk me han uppat og inn til land.

Men du kan vita hòss det blei. Han (Johans) var våt til hårgarden, og det i 24 graders kulde. Eit bad det årsens tid på Flåvatn var ikkje noko å trå etter. Ja so blei det å kravle seg fram uppi bergskortene langs med stråndi ut til Strengen. Men det var mest å seia livsfarleg det og. Det låg kovsvoll (is) nedetter bergi, so ein kunne ikkje gå at før ein rusa ut og ned i vatnet som no låg heilt ope. Lars og eg tok skii og stavane av Johans. Han kravla seg fyri so godt han kunne for å halde varmen i seg. Me kom fram til folk, og Johans fekk turre klæde.

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ein hest redda dagen

No la Lars og Johans seg att til neste dag. Men eg skulle springe langrenn i Kikut neste dag so eg måtte vidare. Eg hadde som ei von at rokk (nådde) eg Ulefoss til kl. 3 etter middag, so kunne eg kanskje koma inn på båten frå Notodden. So ein springmars på 2 mil frå Strengen til Ulefos. Dit kom eg silsvett og trøytt, men ingen båt gjekk, og eg gav mest up voni (håpet).

Då råka eg Seeberg. Han baud seg til å få tak i ein hest til meg so eg kunne få køyra til Skien. Han kom endå til med springski og, nokle lette gode ski av hikori (hickory) med furubelegg uppå. Dei såg ut til å vera bra. Eg takka og tok i mot. So blei det ein køyretur på 3 mil i dei sveitte klædi, forutan frakk og i bitans kulde. Eg kom til Skien klokka eitt om nåtti etter ein lang og strevsam fredag. På farten frå klokka halv seks om morgonen. Men eg sov godt, og kjende meg heiltupp kar neste morgon då eg vakna.

Det var so lite snjo i Skien denne gongi, at langrennet var lagt til Kikut innyver heiane der. Og so blei det ein mars um morgonen att på 8-10 km til Kikut.

Klart for hopprenn, foto Norsk Skieventyr
Klart for hopprenn, foto Norsk Skieventyr

Skirenn og knekte ski

So bar det i veg. Og det gjekk godt ei heil beite innetter skogane. Det var fyrste gongi eg gjekk langrenn, når eg reknar frå turen til Skien. Dei lette springskii av Seeberg var framifrå. Men dei var for veike (svake). I ein kneik midt innpå heii braut eg av båe tvo like framfor bandet (bindingen). Der stod eg so gjennomvarm att i den fæle kulda.
Etter mykje strev kom eg meg endeleg fram til ein post og fekk låne nye ski, so eg kunne koma meg inn til mål att. Um kvelden kom Johans og Lars etter med båt frå Ulefoss. Dei var i betre lag. Om sundagen tøygde Hauge’n Kikutbakken ned og fekk 1. premie og Damenes pokal. Det var nok den kalde laugi på Flåvatn å takke for det.

Restitusjon, eit ukjent begrep

Heimatt frå Skien den gongi var og strevsamt. Båten upp til Vestvatni stansa heilt. Me for med båt til Årnes måndagskvelden og so den 7-8 mil lange vegen heim til Morgedal neste dag. Eg kom heim kl. 12 tysdagskveld. Kl. 5 neste morgon var eg uppe att og reiste til Fjødde på skulearbeid. Det er 15-18 km frå Morgedal. Dit kom eg til skuletid kl. 9 om morgonen.

Denne Skiensturen var strevsam og farefull. Det spøkte både for liv og helse den gongen.

Av Torjus B. Hemmestveit 

Historie