I år fyller Dyrsku'n 150 år og det skal feirast med ei storslagen festframsyning og Hellbillies-konsert kvelden 9. september!
Sidan 1866 har det blitt arrangert Dyrskue i Seljord. Det som starta som eit fesjå er i dag landets største handels- og landbruksmesse, med opp mot 90 000 besøkande fordelt over tre dagar. Godt over fem millionar besøkande har gjennom 150 år blitt inspirert av telemarkskyr, innovative utstillarar og handelsmenn, kulturopplevingar og ny teknologi. Og ikkje minst har arrangementet blitt ein viktig del av livet for tusenvis av familiar. For mange er Dyrsku’n ein heilag og årleg tradisjon.
Når møteplassen i år feirar jubileum er det med forventningar om publikumsrekord, unike opplevingar og gode handelstilbod. Jubileumsprogrammet ellers inkluderer eit sterkt matfagleg program, samt nye arenaer for debatt og kunnskapsformidling. Nasjonale politikarar og partileiarar er invitert, mellom anna har både Jonas Gahr Støre, Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og partileiar Trygve Slagsvold Vedum takka ja til å delta på feiringa.
Kontakt Dyrsku'n
- Nordbygdivegen 60
- Telefon: 35 06 57 70
- E-post:post@dyrskun.no
Jeg ønsker mer informasjon om Dyrsku'n i Seljord:
Storslagen opning på jubileumsfredag
Fredag 9. september kl. 19.30 blir publikum invitert til offisiell opning av Dyrsku’n sitt 150- årsjubileum. I samband med jubileumsfeiringa har handels- og landbruksmessa for fyrste gong flytt den offisielle opninga frå dagtid til kveld. Det er duka for folkefest på Dyrskuplassen!
Framsyninga vil bli leia av vinbyggen Aasmund Nordstoga, og skal innleiast på tradisjonelt vis med inntog av Telemarksfeparaden. Framfor tusenvis av besøkande skal lokale, regionale og nasjonale artistar formidle humor, historie, musikk, dans og kultur.
Jubileet skal trekke fram tradisjonar og historier som strekk seg frå 1866 til 2016, alt presentera i ei moderne ramme. Dyrsku'n er ein institusjon og ein folkefest som famnar både store og små. «Me skal feire eit arrangement som gjennom 150 år har utvikla seg til å bli ein nasjonal arena for debatt og kunnskapsformidling, landets største mat- og landbruksmesse og ein folkefest av dimensjonar! Det gler me oss til å gjere saman med alle våre utstillarar, samarbeidspartnarar og vårt trufaste publikum!», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.
Opningsshowet vil òg bli sendt på storskjermar inne på Dyrskuplassen, som for anledninga vil ha utvida opningstider fram til kl. 22.00 fredagskvelden. «Det vil såleis vere moglegheit til å feire jubileet ute på plassen, med å handle og køyre karusellar heile kvelden», forklarar Espedalen.
Hellbillies avsluttar showet
Jubileumskvelden blir avslutta når eit av landets fremste og mest populære konsertband – Hellbillies – går på scenen. Bandet som blei stifta i 1990, har selt utrulege 840 000 album og gjeve fansen over 1600 konsertar rundt om i Noreg. Deira siste album, LEVANDE LIVe frå 2014, er det 14. i rekka.
Kronprinsparet til Dyrskujubileet
DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit har takka ja til invitasjonen om å delta på opninga av Dyrsku-jubileet 9. september.
"I 1956 vitja dåverande H.K.H. Kronprins Olav landbruksmessa i Seljord, og vi ser på det som ei stor ære at Dyrsku'n og Seljord også ved denne jubileumsfeiringa får besøk frå Kongehuset", seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen i ein kommentar.
Dyrsku'n er eit mangfaldig arrangement, men eit av dei viktige tema i år er berekraft og mattryggleik. Dette er like viktige samfunnsmessige tema i dag som det var ved oppstarten av Dyrsku'n i 1866.
DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit er med på feiringen
Bine Melby utfordrer: Kle deg i ku!
Velkomen til årets særutstilling
Bine Melby med sine innovative og spennande arbeid innanfor klede og smykke sydd av skinn frå Telemarksfe og andre gamle kurasar, er viktig og naturleg å vise fram i eit jubileumsår for Dyrsku’n. I år er det Melby som er årets Særutstillar!
I samband med husflidsutstillinga som vert arrangert under Dyrsku’n, inviterar me kvart år ein særutstillar. Bakgrunn for invitasjon ligg i at denne handverkaren eller kunstnaren har ein spesiell tradisjon som er viktig å vidareføre eller har særeigne produkt som er viktig å få vise fram hos oss.
I ei tid der fornybare ressursar er ein viktig agenda for samfunnet vårt, viser Melby med sine arbeid bruk og utnytting av materiale som elles ville gått til spille. Arbeidet med storfe er spesielt kjært i eit jubileumsår. Telemarkskua er opphavet til at me i dag kan feire 150- års jubileum for arrangementet, og er i realiteten «dronninga av Dyrskuplassen». I tillegg feirar rasen Telemarksku 160 år i 2016, så valet kunne ikkje falle på andre enn denne kunsthandverkaren fortellar ansvarleg for kultur og husflid- Marit Mæland.
«Jeg pleier å si at jeg vet hvor skinnjakkene mine har beita», uttalar Melby – designer og sivilagronom busett på Kongsvinger. Bine sine produkt er i skjæringspunktet mellom tradisjon, bærekraftig ressursutnytting og nyskapende design. Dette er verdiar Dyrsku’n kan stå inne for, og me er særs glade for å ha Bine Melby som særutstillar i jubileumsåret, og gler oss til å vise fram arbeida hennar for titusenvis av publikum under Dyrsku’n.
Noregsmeisterskap i graut
10. september vert grautentusiastar, matekspertar og andre interesserte samla til Noregsmeisterskap i Graut på Dyrskuplassen.
Gjennom 4 heat kan deltakarane koke kvardagsgraut, festgraut og nyskapande graut som skal smakast på og bedømmast av eit domarpanel. Vinnaren sit att som Årets Grautgrams 2016!
”Graut og velling er av dei mest tradisjonsrike rettar i norsk matkultur, og har historisk vore ein viktig rett både i fattige kår og på festbordet. Etter år med velferdsvekst og spennande, importerte råvarer er vi no merksame att på kvardagsgrautens helsemessige effekt og internasjonale status.
At det er Dyrsku'n som arrangerer meisterskapen er ingen tilfeldighet. Likskapen mellom dei to er påfallande. Dei er begge folkelege og tradisjonsrike, populære og dagsaktuelle. I år feirar Dyrsku'n 150-årsjubileum med å blant anna trekke fram grauten. Prosjektleiar for Dyrsku'n, Margit Nordstoga Aasan, ser fram til konkurransen. ”Vi gler oss til å sjå, smake og oppleve alle dei ulike variantane av norsk kvardagsgraut. Målsettinga er å bidra til auka kunnskap om nasjonale kornsorter og mjølkeprodukt, samstundes som vi skaper underhaldning for både deltakarar og nysgjerrige publikum.” Årets meisterskap blir det fyrste i historia, men om alt går som det skal, håper arrangøren på at meisterskapet kan bli eit fast innslag på den mangfaldige messa
Årets brurepar
Brit Kristin og Vidar frå garden Nærheim i Suldal var eitt av mange par som sendte inn søknad om vigsel og smiing til jubileumsfeiringa på Dyrsku’n 2016. Med mange gode søknadar å velje mellom, var det spesielt éin som skilte seg ut.
Brit Kristin er odelsjenta som ikkje ville bli bonde, som heller vaska hus og laga mat enn å vere med i fjøset. Med valets kval mellom å bli politi, psykolog, kriminolog eller sjukepleiar, flytta ho ut som 15-åring, klar for alt kva livet måtte by på anna enn gardsarbeid.
Vidar, opphaveleg frå Salangen i Troms, sitt næraste kjennskap til gardsliv var ein traktor til å brøyte snø for slekt og naboar, og kvar haustferie hjelpte han besteforeldra med å plukke potetar. Helst ville han vere utandørs, og ofte var det slang av agurk og tomat i besteforeldras drivhus som sto på planen.
Gleda var stor når Dyrsku’n ringte og fortalte kven dei hadde valt seg ut som brurepar, og det er med skrekkblanda fryd det begynnar å gå opp for paret kva dei har gjeven seg ut på. Dei skal delta på Dyrsku’n for fyrste gong, og kva anna er vel høveleg enn å debutere som brurepar til 150-års jubileet?
Dyrsku’n gler seg stort til å få vere med på deira store og lykkelege dag, saman med mange Dyrsku-gjester. Vi møtast på Sterke Nils-tunet laurdag 10. september!
Bornas Dyrsku
Sundag er tradisjonen tru den store familiedagen på Dyrsku'n, men gjennom heile helga kan både store og små born glede seg over underhaldning, konkurransar og leikar. No er programmet klart!
Dei fleste har nok fått med seg Lunds tivoli som er sentralt plassera på Dyrskuplassen gjennom Dyrsku-helga. Færre veit om den bredda av aktivitetar som er tilrettelagt for born og unge på handels- og landbruksmessa i september. Dei siste åra har målgruppa vore eit sterkt fokusområde for marknaden, og kvart år utarbeidas det eit eige Dyrsku-kart tilpassa borna. Til stor suksess! Aktivitetane har ei bredde som skal gje det unge publikummet den optimale Dyrsku-opplevinga; Kunnskapsformidling, inspirasjon, sosiale møter og underhaldning.
Sundag er i tradisjonen tru den store familiedagen på messa, og i tillegg til det tradisjonelle tivoliet, kan gjestene blant anna glede seg til konsertar med den norske popartisten Morgan Sulele, Mathea Mari fra MGP Jr., og buktalaren Erik Mogeno. Den unge Oslo-guten Sulele har på kort tid blitt ein av landets mest populære artistar med over 12 millioner visningar av sommerhiten ”Bare Min”.
I tillegg til musikk og underhaldning kan dei yngste Dyrsku-gjestane sjå frem til Vikingcamp med aktivitetar og oppvising gjennom heile helga. Dyrsku'n skal vere ein arena for læring og norske tradisjoner, og Vikingcamp er ein morosam måte å aktivisere dei yngste på. I tillegg blir campen lagt på eit område der arkeologiske funn syner at det faktisk har bodd ekte vikingar her!