Hestekraft og kroppsarbeid

Hesten er viktigaste arbeidsreiskapen til Daniel og Lisa Høstberger. Dei prøvar å bli sjølvforsynte i størst mogleg grad. Slåtten går føre seg med hest og gamal slåmaskin.

Korn på staur
Korn på staur

Lyden av glidane knivar som går att og fram, og angen frå nyslege gras. Det er slåtten. På gamlemåten. Med hest som trekkraft og gamal mekanisk slåmaskin bak. På same jordet går ein hest til med ein gamal høyvendar etter seg. Det nyslege graset blir kasta opp i lufta og landar der det sjølv vil. Med fint vêr tørkar graset og blir til høy – for til dyra på garden som familien Høstberger bur på.

Sveitten er livskvalitet

Daniel er tydeleg på at dette er eit val dei har gjort, og at dei slettes ikkje har noko imot dei som vel å bruke moderne utstyr. At den etterkvart utdøyande måten å drive jordbruk på er strevsam, er han samd i. Men han ser det som ein viktig del av livet.

«Sveitten inngår i vår type livskvalitet. Det eg set aller mest pris på i livet er å kunne ete kveldsmat i fred og ro, og så gå til sengs. Men det er viktig å få med at me set pris på andre verdiar også» smiler han.

 

Familien Høstberger satsar på å bli mest mogleg sjølvforsynte. Dei dyrkar alt av grønsaker, rotfrukter og korn dei treng. Dei er og heilt sjølvforsynte med meieriprodukt. Ysting og kinning er ein del av kvardagen.

«Du bestemmer i stor grad dagen din sjølv. Me har ikkje tidspress slik mange andre har. Sjølvsagt er det hektisk når til dømes slåtten står på, men me styrer tida sjølve. Ein må gjere jobben ferdig, slik er det» seie Lisa Høstberger.

Familien Høstberger
Familien Høstberger
Daniel og Gnistra med slåmaskin
Daniel og Gnistra med slåmaskin

Kvifor ei karrig fjellbygd?

Daniel kjem opprinneleg frå Tyskland men flutte til Norden for 20 år sida. Han har svennebrev som steinhoggar. I fleire år budde han i Sverige og dreiv gard på same vis som han gjer i dag. Det var der han møtte Lisa som opprinneleg kjem frå Nord-Troms.

For 6 år sidan vart avgjersla tatt om å flyta til Noreg. Då Daniel spurde Lisa kvar ho hadde lyst til å slå seg ned – var svaret Telemark der ho hadde eit familiært forhold.

Dei kom inn i Telemark med buss. Daniel ynskte å slå seg ned i eit område med gode høve for å dyrke jorda. Det fyrste som møtte dei i Telemark var god jordsmonn og flate åkrar frå Notodden mot Hjartdal, men dei gjekk ikkje av bussen der. Vidare til Seljord og oppover fjellbygdane bars det. Dyrkningshøva vart dårlegare og dårlegare. Naturen vart villare og villare. Dei enda i Tokke med bratte fjellsider og karrige gardar. Her føler dei seg heime og har blitt tatt godt i mot.

Åker_web

Daniels grønsaksåker ved Vest-Telemark Museum Eidsborg

 

I dag bur familien på eigen gard – Underdal. Garden har den ville naturen tett på. «Dette gjev oss kraft» seier Daniel. «Vi vil gjerne leve nær mykje natur og villmark – der naturen har store høve til å leve sitt eige liv»

Daniel og Lisa har tre born – Johanna Mari, Kari og Lambert Tallak. Lisa fortel at borna ikkje går i barnehagen, men at dei er heime med foreldra. Det trur ho er både lærerikt og sunt.
Borna veks opp med dyra rundt seg. På garden har dei Telemarkskyr, Islandshøns, Gamal Norsk Spelsau, Dølahest og Nordlandshest. Frå tid til anna har dei gris og andre dyr.

Høstberger familien
Høstberger familien

Lar andre ta del

Sommaren 2019 blir tredje sommaren Daniel syner gamle jordbrukstradisjonar på Vest-Telemark Museum Eidsborg. Der dyrkar og driv han på gamalt sett slik bonden gjorde før traktoren kom.I åkeren finn ein poteter, korn og gamle grønnsakstyper som t.d. gråert og bondebønner. Kornet vert skore og sett på staur om hausten.

Nytt av året er ein linåker. Linet var viktig i Noreg fram til slutten av 1700-talet. Det vart og dyrka i mellomkrigstida fram til om lag 1930. Ein blomstrande, blå linåker er eit vakkert skue. På hausten vert linet hausta og skal då etterkvart turkast i badstova.

Hesje på Vest-Telemark Museum Eidsborg
Hesje på Vest-Telemark Museum Eidsborg

I løpet av sommaren vert det slåttedag på museet. Då kan dei som vil kome og lære kunsten å setje opp ei fin hesje med gras. Daniel vil og syne hogst og framkjøring av tømmer med hest. Han set pris på å få syne fram gamle tradisjonar og håpar du som besøkande vil ta del og lære.

Kultur og tradisjon