Mytiske Telemark

Er det den gamle eller den nye tida som er best? Folk seier at det bur gygrer (ei slags trollkjerring) i fjella. Dei diskuterer kva som er best – er det den nye eller gamle tida? Om du oppsøker dei tre bygdene Flatdal, Svartdal og Hjartdal kjem du til det området som vi kallar det Mytiske Telemark.

Men kva og kvar er eigentleg Mytiske Telemark?

Det prisvinnande kulturlandskapet kviler i det blå-grå ljoset som ligg over dalføret, og set fantasien i sving. Rike blome-enger, beiteområde, steingardar, styvingstre (tre som har blitt hausta lauv av i mange år), bebudde middelalderhus, beitedyr og skulpturar fyller det Mytiske området med sanseinntrykk.

Her har diktarar, målarar og spelemenn blitt inspirert. Historiar om gygrer og friarar florerar, og segnene frå området skil seg ut ved at dei ofte handlar om sterke kvinneskikkelsar.

Dessa segna har inspirert kunstnarar til å lage åtte «kikkeskåp», små skulpturar plassert i Seljord, Flatdal og Åmotsdal. Kvart kikkeskåp har eit telefonnummer som du kan ringe, så du kan høyre segnet og feleslåtten som skulpturen handlar om.

Reisetips

Sjekk ut disse lenkene og planlegg din tur til Mytiske Telemark:

For mer inspirasjon og ferietips se: visittelemark.no

 

Dei mange middelalderhusa er ein del av identiteten, og handverk som garnspinning, skinfell-trykking, treskjering, smiing, lafting, ølbrygging og bakst blir framleis praktisert. Folkemusikken med viser, slåttespel og dans står sterkt i området. Mange av gardane driv med produksjon av egg, ost, smør og kjøt, mat du kan ta med deg som reiseminne eller smake på staden.

Då kunstnarane oppdaga Telemark på 1700-tallet var det kombinasjonen mellom det blå ljoset, landskapet, folket og bondekulturen dei fall for. Gjennom tidene har mange av dei største norske målarane budd og måla i området, og etterlatt seg ei stor mengde kunstverk og ein solid arv.

I dag bur det framleis mange aktive kunstnarar i området, noko du kan sjå og høyre om på Nutheim gjestgiveri, som et sentralt samlingspunkt. Kva syns du er best? Den gamle eller den nye tida? I det Mytiske Telemark kan du utforske dette.

Lien Fjellgard
Lien Fjellgard
Kikkeskåp Mytiske Telemark
Kikkeskåp Mytiske Telemark

Turen til Mytiske Telemark

Turen til Mytiske Telemark byr på levande historieformidling og utvalde kulturlandskap. For overnatting, sjekk ut Nutheim gjestgiveri, Uppigard Natadal og Lien Fjellgard. På alle overnattingsstadene møter du vertskap som fortel familiehistoriar, og andre forteljingar som er knytt til landskapet.

Utsiktpunktet Nylende ligg rett ved Nutheim Gjestgiveri. Her får du ein fantastisk utsikt over Flatdal og kan lese segnet om korleis Flatdal blei til. Ta deg tid til ein tur innom Telespinn i Svartdal der du får kjøpt lokalprodusert og miljøvenleg garn i dei vakraste fargar i butikkutsalet.

Når du køyrer gjennom Mytiske Telemark, få med deg kikkeskåpa som er plassert i landskapet, og høyr segn og feleslåtter om gygrene i fjellet. Treng du ein stad for å halde kurs, konferansar eller selskap? Lien Fjellgard, Uppigard Natadal og Nutheim gjestgiveri skreddarsyr pakker.

Uppigard Natadal
Uppigard Natadal

Aktørene som er en del av Mytiske Telemark

- Nutheim Gjestgiveri
«Kunstnarhotellet Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive hotell i Mytiske Telemark, Flatdal. Her er det damene som styrer og slik har det vore i fire generasjonar. No er det mor Ellen og dottera Solveig som driv hotellet. Med stor innleving fortel dei historia om Nutheim. Og på mørke kveldar tar dei frem eventyrboka og les høgt ved peisen».

- Uppigard Natadal
«Mette og Dag Aanderaa er vertskap på Uppigard Natadal. Mette er reirbyggjaren og Dag fortel soger med ny vri når han byr på «Stand-up-pigard». Dotter Tone bakar brødet i steinomnen, og svigerson Kjetil bryggjer 10 slag øl til gjestene. Uppigard Natadal har festsal og overnatting. Dag driv også garden og dyrkar mat som blir servert frå kjøkenet».

 

- Rørtveit Gard
«Gunleik og Kathrine driv Rørtveit gard i Flatdal. Gunleik tok over drifta 19 år gamal og Kathrine kom til Telemark fyrst som budeie på nabogarden, men falt for Gunleik, Telemarkskyri og den mytiske naturen. På garden i solsida driv dei med sau, eple og mjølk, og produserar lokalmat med omtanke for folk, fe og natur.»

- Telespinn
«Bjørg er gründeren bak spinneriet Telespinn i Svartdal. Spinneriet driv miljøvenleg og er opptekne av å ta vare på kultur og natur. Telespinn ser på ull som ei verdfull råvare, og tar i mot ull frå produsentar i heile landet. I tillegg til å spinne garn av vanleg norsk sau, spinn dei garn av mohair og dei gamle norske sauerasane villsau og spelsau. Dei har eigne mohairgeiter med fantastisk mjuk og fin ull. Spinneriet har også eige butikkutsal med garn og ulike garnprodukt. Dei held foredrag og omvisingar for grupper i Mytiske Telemark.»

 

- Lien Fjellgard
«Tov-Eirik overtok slektsgarden etter foreldra Tor og Mette Lien i 2020, og driv no staden saman med kona Merethe. Lien Fjellgard er ein slektsgard frå tidleg 1600-talet som ligg øvst i Svartdal. Dei tømra Telemarkshusa på tunet angar av tjøre og klamrar seg fast i fjellsida, 700 moh. Med 50 vinterfora sau, nokre høner og gris tilbyr dei skreddarsydde opplevingar for kurs, konferanse og selskap med fokus på mat, tradisjonar og kultur. Dei serverar eigenprodusert og lokal kortreist mat, og byr på heimelaga brød og pizza frå bakaromnen på tunet.

Telegardar
Telegardar

- Telegardar
Telegardar er ei samling gjestegardar i Hjartdal, Svartdal og Flatdal. Anten du vil gå i fjellet eller kulturlandskapet, ta eit gardsbesøk, sove i eit eldhus med solbruna tømmer, handle lokalt handverk eller mat, så kan Telegardar hjelpe til. Telegardar viser veg til gardsbutikk, lokalt handverk, matprodukt, seterliv, turområde og aktivt landbruk.

Kultur og tradisjon