NUTHEIM – kunstnarhotellet i Telemark

- Som gjest er det uunngåeleg å ikkje få eit nært kjennskap til meg og min familie. Me både bur og driv her. Og slik har det alltid vore. Kjem du hit, kjem du heim til oss og eg vil at det skal vera eit upretensiøst og nært besøk.

Solveig Barstad, 4. generasjon driver på Nutheim Gjestgiveri
Solveig Barstad, 4. generasjon driver på Nutheim Gjestgiveri

- Eg er 4.generasjon som driv Nutheim og me har sidan barnesko lært å drive tradisjonen vidare med kvar vår personlegheit. På den måten representerer også Nutheim ein møtestad som kulturberar der gamal og ny kultur møtast, fortel Solveig Barstad, drivar av Nutheim Gjestgiveri.

Reisetips 

Sjekk ut disse lenkene og planlegg din tur til kunstnarhotellet - Nutheim Gjestgiveri

Andre aktiviteter i området:

For flere ferietips i Telemark sjekk ut: visittelemark.no

Upretensiøst og inspirerande

Nutheim var opprinneleg ein stad for reisande som måtte kvile seg sjølv og hesten. I veggane på den gamle skysstasjonen ligg det lag på lag med historie. Levande folkekultur og den fantastiske utsikten virka tiltrekkande på kunstnarar. Dei har satt sine spor, og du kan framleis sjå og kjenne på dei skapande krefter Nutheim og området byr på.

Kunstnerhotellet Nutheim

I 1862 blei det laga ny veg gjennom bygda Flatdal. Gamle ridestiar blei erstatta med ein brei slett veg for hest og kjerre som gjekk heilt til Notodden og Kongsberg. Midt i bakkane på veg opp til Aase laga dei ein sideveg til Åmotsdal og vidare til Rauland. I vegkrysset vaks det fram ein liten handelsstad. Her var det gardsdrift, landhandel, bakeri, slakteri, skysstasjon – og hotelldrift, og seinare bussterminal og bensinstasjon.

Nutheim Hotell stod ferdig i 1877 og var egentleg hovedhuset på garden Einarjuvet som vart flytt til svingen når vegen kom. Einarjuvet låg nokre hundre meter frå der bygningen ligg idag. Nutheim hadde mange eigarar. I 1901 vart staden mellom anna eigd av ei doktorfrue, Gina Tommesen. Det var ho som fyrst laga til hagen nedanfor hotellet med grusgangar, lysthus og prydbuskar.

I 1917 kjøpte brørne Olav og Halvor Svartdal staden. Dei gifta seg med kvar si syster ifrå Seljord og staden har sidan vore i samme familie.

Malerkurs på Nutheim i 1969

Malerkurs på Nutheim i 1969

Kunstnarhotellet

Mykje av det nasjonale folkeminnestoffet vårt blei samla i Telemarksbygdene på slutten av 1800-talet. Dette saman med trollbindande natur og vakre ljosvirkingar førte til ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Dei søkte «det ekte» og «det særeigne norske».

Nutheim blei ein naturleg samlingsstad for kunstnarar som kom til Flatdal og bygdene omkring i heile den fyrste halvdelen av 1900-talet. Kunstnarar som vart knytt til Nutheim var Henrik Sørensen, Thorvald Eriksen, Erik Werenskiold, Kai Fjell, Harald Kihle, Charles W. Strøm, Aage Storstein, Willy Midelfart, Anita Greve, Alexsander Schultz, Johannes Rian, Rudolph Thygesen, Eva Bull Holte, Sigurd Winge, John Anker, Eystein Sigurdsson, Eigil Madsen, Søren Steen-Johnsen, Harald Dal og Henry Johan Henriksen. Fleire fekk etter kvart sine eigne stader i området.

Terjes Svart Hvitt
Terjes Svart Hvitt

I 1946 kom også kunstnarbrørne Erlend og Terje Grøstad til Nutheim. Her fann dei kvar si syster, som dei seinare skulle koma til å gifte seg med. Terje Grøstad bygde seg eit atelier på nedsida av vegen, og etablerte seg som norsk grafikar og kyrkjekunstnar. Erlend og Anne Grøstad tok over drifta av Nutheim hotell. Erlend starta opp målarskulen og flytta Hjartdal gamle prestegard til Nutheim. Erlend og Anne dreiv staden i 50 år, og har blitt heidra for engasjementet sitt for vedlikehald, kunst og kulturformidling.

 

Bilethoggar Ellen Grøstad Barstad føler ho er heldig som kan føre Nutheim og tradisjonane vidare saman med dotter si Solveig. Dei finn inspirasjon og glede gjennom gode møter med gjesten.

Derfor er kunstnarhotellet kjent for å raust ta i mot alle som ferdast forbi. På Nutheim opplever du omsorg og heimebakst, det er ingen stad du finn meir heimekosleg.

Nutheim er ei reise verd.

Kultur og tradisjon