Sjøormen i Seljordsvatnet

Ikkje oppdikta for å auke marknadsverdien av Seljord som turistmål, men ei rekkje sanne forteljingar av truverdige personar fleire hundre år attende i tida og fram til i dag.

Fleire hundre år gamle sjøormsoger

Ein av dei eldste sogene om at det er ein vassorm i Seljordsvatnet skriv seg frå 1750. Gunnleik Andersson Verpe frå Bø hadde kjøpt garden Nes som ligg ved ytre del av Seljordsvatnet. Det var dårleg veg på vestsida av vatnet, så flyttelasset vart transportert i to prammar frå Ulveneset. Mannen rodde den eine og hadde den andre prammen hengande på slep. Brått dukka Sjøormen opp. Han var så pågåande at han velta prammen som hekk på slep.

Forteljinga om denne hendinga spreidde seg raskt, og folk som skulle ro over vatnet tok med seg noko til å verje seg med. Det kunne vera ei øks, ein båtshake eller ein lang staur.

Reisetips:

Sjekk ut disse linkene og planlegg din ferietur til Seljord og Telemark:

Se flere ferietips og pakker på visittelemark.no

Sjøorm postkort

Gunnhild heitte ei kone som vaska klede på Bjørgesanden som er stranda nedfor garden Bjørge. Dette skjedde i 1880-åra. Klesvasken gjekk føre seg ved at kleda vart kokte i lut, skylt i vatn og banka reine med eit banketre. Det var den tidas vaskemaskin.

Medan ho dreiv med klesvasken, kom det eit merkeleg dyr krypande opp på stranda. Det var om lag ein meter langt og såg ut som ei øgle. Gunnhild hadde aldri sett noko liknande, men ho tykte det såg så utriveleg ut at ho slo til det med banketreet. Dyret gjekk i to like bak nakken, og det kjendest svært møyrt. Framparten av dyret vart liggjande att på stranda, men resten av dyret glei ut i vatnet.

Restane av dyret låg på Bjørgesanden lenge, og folk kom for å sjå dette rare vesnet. Dei fleste meinte Gunnhild hadde drept ein av ungane til Sjøormen.

Flere typer sjøormer
Sjøormen utskjært i tre

Sjøormen viser seg på same plass hundre år seinare

På nett same plassen vart fenomenet som har vorte kalla Sjøormen observert av fleire ein sommar litt over hundre år seinare.

To damer låg på stranda og sola seg. Dei hadde fleire ungar med seg og dei bada. Brått fekk dei sjå noko som fossa med stor fart frå midten av vatnet mot austsida, der det heiter Raudjuv. Dei syntest dei kunne sjå ein mørk rygg under dei fossande bøljene. Det var heilt stilt på vatnet, og damene var sikre på at det ikkje var nokon båt utpå. Dette fenomenet blei brått borte, men kvinnene held auga med vatnet. Då det hadde gått om lag ti minutt, såg dei det same på motsett side av vatnet; noko mørkt fossa med stor fart frå Nes mot Almankås.

Ei av desse damene blei kontakta av ein kvinneleg drosjesjåfør som fortalde at ho såg mange folk som hadde stoppa bilane sine på ein snuplass ved Raudjuv. Dei stod og såg ned i vatnet. Ho også gjekk til kanten av den bratte fjellsida, og der såg ho rett ned på to sjøormar som sumde i vatnet. Dette skjedde midt på sommaren samstundes med observasjonen til dei to damene.

Sjøormtårnet i Seljord

Hovudlaus sjøorm funne i strandkanten ved Seljordsvatnet

I juni 1983 skjedde det ein sensasjon ved Seljordsvatnet: eit par som rasta på Lauvnes på austsida av Seljordsvatnet fann restane av ein 3,65 meter lang slange. Var dette ein død sjøorm?

Både Telemarksavisene, VG og NRK Telemark hadde store oppslag om saka. Forfattaren Halvor J. Sandsdalen som i mange år hadde samla soger om Sjøormen, fekk ein hektisk dag med å svare på spørsmål frå journalistar. Fleire turistbussar kom køyrande for å vise fram sjøormkadaveret til turistar frå ulike land. NRK Dagsrevyen landa med sjøfly på Seljordsvatnet og laga reportasje til kveldssendinga.

Bildet fra avisartikel om sjøormen med Halvor J. Sandsdalen i 1983 Foto: varden.no
Bildet fra avisartikel om sjøormen med Halvor J. Sandsdalen i 1983 Foto: varden.no

Zoologar vart kontakta og det vart raskt slått fast at det var restane av ein kvelarslange som låg i strandkanten. Både seljordingar og andre kunne puste letta ut; mystikken rundt vassormen i Seljordsvatnet lever vidare.

Fleire år seinare vart det kjent at ein mann som arbeidde som assistent på Zoologisk institutt ved Universitetet i Oslo var den som hadde plassert kvelarslangen ved Seljordsvatnet. Han ville ha moro med ein ven som skulle ta ein stopp på Lauvnes, men venen vart forsinka, og det vart Mari og Harald Foss frå Gvarv som fann "sjøormkadaveret".

Sjøormtårnet

Seljord & Sogene heitte eit pilotprosjekt som tok i bruk kunst, kultur og opplevingar saman med fysisk tilrettelegging for å gjera Seljord til ein betre stad å bu, og ein god plass å vitje.

Sjøormtårnet blei teikna av Rintala Eggertsson arkitektar og vart sett opp på Bjørgeøyan i 2012. Publikum blir leia ut til tårnet via ein konstruert sti som buktar seg gjennom myrlandskapet til vasskanten.
I boka Seljord & Sogene som vart gitt ut i samband med prosjektet i 2012 kan ein sjå kart over Seljordsvatnet som viser ein del av dei plassane der sjøormen har vist seg. Det er merkt av rundt 100 stadar i og rundt vatnet.

Ved Sjøormtårnet kan ein lesa historiar om Sjøormen, eller ringe opp sogemobilen og få høyre ei sjøormsoge. Frå toppen av Sjøormtårnet har ein flott utsikt over Seljordsvatnet til det området der dei fleste observasjonane av Sjøormen er gjort.

Dei nyaste sjøormobservasjonane

Etter at Sjøormtårnet vart sett opp, har Sjøormen vorte sett nett frå dette utkiktspunktet. Ein familie såg fenomenet som har blitt kalla sjøormen frå tårnet og filma hendinga. Seinare blei filmen vist på TV2. Denne filmen ligg også på You Tube.

Både fastbuande og turistar held fram med å sjå merkjelege rørsler ute på vatnet, så me kan slå fast at mystikken rundt dyret i Seljordsvatnet framleis lever.

Nå kan du også møte Selma på land

På den nye rasteplassen, Stodi ved Seljordsvatnet, langs RV36 mellom Bø og Seljord, buktar den ca. 100 meter lange sjøormen seg. Vel og merke er den som lever i vannet bare rundt 15-20 meter. Det var i samband med utbygginga av vegen, at ideen om å bygge ein sjøorm kom opp. Kunstneren John Poulsen fekk oppdraget med å utforme sjøormskulpturen i landskapet.

Selma er veldig snill og likar godt både å bli klatra på og klappa på. Og så er ho super til å ta selfiar med.

Kjelder: Halvor J. Sandsdalen: "Seljordsormen" Seljord kommune, 2012: "Seljord & Sogene"

Kultur og tradisjon