Himmelturen høgt over Telemarkskanalen

Trollfigurar i stein, ein bortgøymt skatt, ein fredlaus kaptein klatrande opp ei stupbratt renne, ei fiskeørn svevande over Bandak… Velkommen til Lårdalstigen, ein spektakulær tursti kneisande 848 meter over Telemarkskanalen mellom Dalen og Lårdal. Variert, vakker og tøff!

Utsikt frå Lårdalstigen Foto: Hamish Moore
Utsikt frå Lårdalstigen Foto: Hamish Moore

Til himmels og ned att

Å for ein strålande morgon, å for ein strålande dag! Ja nett slik tenkte eg då eg vakna opp denne laurdags morgon, klar for å vere med på opningsturen på Lårdalstigen – «Himmelturen».

Lårdal Vel arrangerer kvart år første helga i juni denne opningsturen, og eg hadde bestemt meg for å bli med om det blei fint ver. Og ikkje berre var det fint ver, det var beint fram fantastisk. Dermed var det berre å møte opp på bryggja på Dalen der bussen gikk frå. Litt usikker på den fysiske forma må eg nok innrømme eg var, men etter at eg kom til Dalen og såg andre kjente som skulle gå, ja, så blei eg ganske tøff i trynet. Å skal han gå, ja då må eg klare dette fint. Kan aldri hugse å ha sett han på fottur før, var noko av det eg tenkte der eg sat og venta på bussen.

Lårdalstigen

Stupbratte husmannsplassar og bortgøymte skattar

Stappfull buss opp til startpunkt i Eidsborgberget, og då me gjekk av der var det ein stutt informasjon frå arrangørane i Lårdal Vel. Deltakarane blei utfordra til å gå nedom både Urdalen og Risen og Gygri. Piece of cake, tenkte eg, klart eg skal nedom desse plassane når eg fyrst er på tur. Kamera har eg med også, så her skal det jammen fotograferast. Som sagt så gjort, det bar nedom til Urdalen og det skal seiast at skulle ein busetje seg på ein slik stad, då måtte det vere for å unngå anten lovens lange arm eller skattefuten. Truleg båe delar. Og skulle dei som budde på staden ha ungar, ja då måtte dei truleg tjorast fast i dei få bjørketrea som klora seg fast i bergsida. Fleire hundre meter rett ned til Bandak er ikkje til å spøkje med. Det blir faktisk sagt at det var tre husmannsplassar i Urdalen og at det rundt 1875 budde 13 menneske på dei tre stadene. Turen opp att frå Urdalen gjekk greitt, og etter kvart blei det ganske mykje folk langs ruta.

Neste punkt på turstien er den vesle tjønni med namnet Mærdalstjønni. Det blir sagt at den mektige Åse Stålekleiv  frå Eidsborg har sett ned tre koparkjelar fulle av pengar i tjønni. Nei, eg trur ikkje eg skal bruke tid på å finne desse skattane. Det ser visst plent ut til at ein får jobbe for pengane, tenkjer eg og fer vidare på ferda mi mot Lårdal.

Fiskeørn
Fiskeørn Foto: Jostein Hellevik
På Lårdalstigen kan du oppleve både Apollosommarfugl og Søstermarihand (gul orkide). Foto: Jostein Hellevik
På Lårdalstigen kan du oppleve både Apollosommarfugl og Søstermarihand (gul orkide). Foto: Jostein Hellevik

Snev av høgdeskrekk

Før eg kjem så langt, dukkar det opp nokre fantastiske utsiktspunkt. Det eine meir fantastisk enn det andre. Snakk om å kjenne at det kriblar i kroppen. For ein som eigentleg ikkje er så glad i å vere i høgda, så blir det å oppleve den enorme utsikten veldig spesiell. Ein føler på eit vis at ein blir dregen mot avgrunnen, og dermed må eg nok innrømme at eg sparte att ein god halvmeter ytst på kanten av dei tøffaste utsiktspunkta.

– Du er jammen tøff som tør å gå denne turen om du har høgdeskrekk, seier fleire av turkollegane til meg. – Vel, altså, eg har vel ikkje akkurat høgdeskrekk og tøff føler eg meg i alle fall ikkje, prøvar eg meg, og veit at det var vel berre halvvegs sant. Pytt, pytt, kven kan vel sjekke kva eg lid av..

Lårdal bygd

Lårdal Foto: Visit Dalen

Risen og Gygri

Så etter å ha passert Juvstøyl er turen komen til punktet der ein kan velje om ein vil ned. Då meiner eg ned og sjå på utsikten rett over Risen og Gygri, desse figurane i stein som står bratte og stolte i fjellsida over Bandak. Gygri sit fremst, men ser ut til å ha mista hovudet. Risen står Gygri, og båe figurane har sjølvsagt eit segn som forklarar kvifor dei blei til stein:

Trollfigurane Risen og Gygri budde på plassen Juvstøyl. Ein dag Risen drog ut eit ærend, skulle Gygri vere heime og koke graut. Då Risen kom heim, fann han verken graut eller kokk. Gygri hadde reist utpå Bandaksfjellet for å besøke seg, eller «sjala seg» som dei gamle sa. Risen blei sint og for ut for å leite etter kona si. Han fann henne ut på høgste stupet. Det blei eit slagmål med både hårdraging og klyp og enda med at Gygri mista hovudet sitt. Risen kasta det over fjorden til Barskor etter at Gygri hadde slite manndomen av han. Sidan har dei stått der i stein, godt synlege for ferdafolk på Bandak og Lårdalstigen.

Risen og Gygri Foto:Jostein Hellevik
Risen og Gygri Foto:Jostein Hellevik

Stein kjennes det ut som eg har i føtene etter kvart, for ikkje berre måtte ein gå bratte lia ned til desse steinfigurane, ein måtte plage meg opp att også. Nåja, oppe på stien møter eg ei av eldsjelene bak denne turstien, 86 år gamle Einar Strand frå Lårdal. Einar er gamal orienteringsløpar og sprek som ein ungdom. Han staka ut stien, og har saman med andre lokale eldsjeler lagt ned eit enormt arbeid som resulterte i opning av stien i 2008. Einar er i dag turstifadder og held eit særskilt auge med stien.

- Det har ikkje blitt noko svinn på turen ned til Risen og Gygri, spør den spreke karen. Ikkje som eg har høyrt eller sett, ja det blir vel helst høyrt, for du skjønnar eg tør ikkje heilt ut på kanten eg, svarar eg prøvande. Nei, det går som regel bra, ler karen før han fer vidare nedover liene, lett på foten som ein hjase. Har du sett på maken, nei, eg skal ikkje klage meir i det heile tatt, tenkjer eg i mitt indre.

Einar Strand (86 år) er ei av eldsjelene bak Risen og Gygri og er  i dag turstifadder for denne turstien. Her på Gløstøylnuten saman med Lill Susan i VandreTelemark
Einar Strand (86 år) er ei av eldsjelene bak Risen og Gygri og er i dag turstifadder for denne turstien. Her på Gløstøylnuten saman med Lill Susan i VandreTelemark

Møyskrivet og Kapteinsrenna

Etter å ha pesa meg opp på stien att, ser det ut til at det blir lettare terreng. Det passar meg bra, og eg nyttar høvet til å ta ein stor slurk med drikke som eg heldigvis har tatt med meg rikeleg av. Neste flotte utsiktspunkt på turen er Møyskrivet, som er ei djup renne med loddrette fjell på begge sider. Her kan ein sjå rett ned i Bandak 600 meter under deg. Ei segn fortel at ei dødsdømd jente skulle sleppe straff dersom ho greidde å hoppe over dette gjelet, heilt oppe på toppen. Ho skal ha greidd det, og derav kjem dette namnet; Møyskriv. Vidare gjekk turen forbi støylen Grasdalen med «Fuholet» og så til Kapteinsrenna. Særleg var Kapteinsrenna imponerande, og det namnet har renna fått etter eit segn om ein kaptein dømd fredlaus etter eit brotsverk. Dommen var slik at denne kapteinen skulle gå fri dersom han greidde å klatre opp denne renna i fjellet. Det greidde han, og han blei atter ein fri mann!

Les også blogginnlegg om korleis Lårdalstigen blei til 

Møyskrivet  ved Lårdalstigen
Møyskrivet ved Lårdalstigen

Lårdal

Ikkje før var eg på toppen før ei ny bratt nedstigning venta nedover mot Lårdal. Først må eg stoppe opp litt å nyte utstikten ned mot den vakre, frodige bygda. Eit kjærkomme syn. Målet er i sikte. Ned dit skal eg. Knea er i ferd med å gje etter, og det er på tide å vise at ein er litt sta. Å snu no er ikkje noko tema. Nedturen går fint, og vel framme ved bryggjeområdet i Lårdal er eg innom Bandak Camping for noko kaldt i glaset og litt mat medan eg ventar på kanalbåten tilbake til Dalen. Eg sit på dekk og ser opp mot dei stupbratte fjellsidene eg nettopp kava meg fram i. Kjensla av mestring er sterk! Båtturen tilbake til Dalen er ein perfekt avslutning dagen. Tusen takk for ein fantastisk tur i eit høgdramatisk terreng. Eg følte verkeleg at eg var til himmels og ned att.

Av Stein Olav Lie, Vest-Telemark Blad 

Lårdalstigen har blitt så populær at kanalbåten no har fast anløp inn til Lårdal på ettermiddagen! Foto: Karl Torstein Hetland
Lårdalstigen har blitt så populær at kanalbåten no har fast anløp inn til Lårdal på ettermiddagen! Foto: Karl Torstein Hetland
Natur