BODIL NORDJORE: Telemark er eit spiskammers

Bodil Nordjore er statsbudeia, matkulturvernaren og kokebokforfattaren som ser det som si livsoppgåve å gi glede og mattradisjonar frå Telemark vidare til nye generasjonar!

Bodil Nordjore_17.10.2019 © STYRK FJÆRTOFT

– Eg vaks opp i ein mjølhaug og på bakstefjøl! Eg fekk alltid lov til å prøve meg, seier Bodil som kom frå ein heim med trerettars middag kvar dag: Suppe, mykje flesk og kjøt og ein mjølkedessert. Meininga var at Bodil skulle blir jordmor, men livet tok ei dramatisk vending då broren Audun mista livet i ei snoskuterulukke då han var 22 år. Bodil flytta heim for å take vare på garden og foreldra i den djupe sorga. – Seinare blei åra på Mjonøy eit eventyr som blei avgjerande for at eg har via livet mitt til formidling av matglede! Mat er så så mykje meir enn mat – og tradisjonsmat er mykje enklare enn du trur, strålar Bodil Nordjore som meiner at me bur i eit spiskammers i Telemark!

Av: Styrk Fjærtoft

Sesong 2 Telemarkpodden