INGERID HAYES: St. Nikuls har vakta Eidsborg stavkyrkje sidan 1200-talet

Ingerid Hayes viser veg i ei av dei minste og mest spennande stavkyrkjene i Norge - Eidsborg stavkyrkje.

Ingerid Hayes Foto: Styrk Fjærtoft
Ingerid Hayes Foto: Styrk Fjærtoft

– Det originale kyrkjeromet er teke godt vare på frå tidleg middelalder, og sidan 1200-talet har helgenstatuen av St. Nikolaus - på bygdemål St. Nikuls - hatt ein viktig plass i kyrkja! Trass i skiftande tider der prosesjonsvandringa med helgenstatuen blei sett på som uhøveleg heidensk og katolsk, seier Ingerid Hayes at vandringa med St. Nikuls rundt Eidsborgtjønni no er tilbake 23. juni!

Av Styrk Fjærtoft

Sesong 2 Telemarkpodden