Unni Bendiksen tek oss med inn i gruva og den 254 år lange gruvehistoria på Åmdals Verk! I 1912 jobba og sleit 429 menn og kvinner ved koparverket som bygde sin eigen by og gjorde fjellbygda urban.
– Eg bøyger meg i støvet og blir stille og andektig når eg veit korleis dei jobba her for å klare seg sjølve og byggje landet, seier Unni som har skrive fleire bøker om gruvehistorien som heldt på frå 1691 til 1945. Som omvisar er Unni glad for å gi nye generasjonar innsikt i korleis folk har levd, budd, virka og slite for at me kan ha det så godt i dag!
Av: Styrk Fjærtoft
Reisetips
Sjekk ut disse lenkene og planlegg din ferietur til Åmdals Verk gruver og Vest-Telemark:
- Se åpningstider og priser for Åmdals Verk gruver
- Les mer om Vest- Telemark Museum
- Se flere attaksjoner og aktiviteter i Vest -Telemark
- Overnatting i Vest-Telemark
Se flere sommerferietips og pakker i Telemark på visitttelemark.no