Korleis var det å vekse opp i kunstnarheim med bilethoggar Dyre som far og kunsthistorikar Thora som mor, modell og fars kritikar?
– Far kunne vere ein hissigpropp med svingane humør, men me visste at det gjekk over! Eg hugsar han fyrst og fremst som ein glad mann! Og mor og far opna for oss ei verd av litteratur, syn for kunst, humør og moro! Anne Joronn Sætre og dei fem andre i syskenflokken var støtt og stadig modellar for bilethoggar og målar Dyre som har sett solide spor med sin monumentale kunst rundt om i Norge. Sjølv var han mest stolt av Sjømannsmonumentet i Bergen. – Far fekk folk til å kjenne seg att i det han skapte. Eg trur mange ser mykje glede i kunsten hans, seier Anne Joronn og syner sjølvportrettet Dyre laga etter at han vann utsmykkinga av Ankerbrua i Oslo!
Av: Styrk Fjærtoft
Reisetips
Sjekk ut disse lenkene og få inspirasjon til kunstopplevelser på Rauland: